Gilgit
Gilgit er ein by nordaust i Pakistan som er provinshovudstad for Gilgit-Baltistan og hovudby for Gilgit-distriktet. Han har ca. 10 000 innbyggjarar (2007), og er den einaste større byen i den nordlege delen av Pakistan.
Skardu | |||
nastaliq گلگت | |||
by | |||
Utsyn frå Gilgit
| |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Skardu | ||
Folketal | 10 000 | ||
Tidssone | PST (UTC+5:00) | ||
Gilgit 35°55′15″N 74°18′52″E / 35.920833333333°N 74.314444444444°E | |||
Gilgit nordaust i Pakistan
| |||
Wikimedia Commons: Gilgit (city) |
Historie
endreGilgit var ein viktig by ved Silkevegen, og var ei rute for buddhismen til å bli formidla frå Sør-Asia til resten av Asia.[1] I fleire hundreår styrte det lokale Trakhàn-dynastiet over byen. Det enda om lag 1810 då radja Abas, den siste Trakhàn-herskaren, døydde.[1]
Rikdommen i området blei øydelagd av fleire tiår med krig og ein storflaum i 1841, då Indus blei sperra av eit ras nedanfor Hatu Pir og dalen blei demma opp.[2] Etter at Abas døydde blei Gilgit erobra av Sulaiman Shah, radjaen av Yasin-dalen. Radjaen av Punial, Azad Khan, drap så Sulaiman Shah og tok Gilgit, før det same skjedde med han då Tair Shah, radjaen av Buroshall (Nagar-dalen), tok makta. Sonen hans Shah Sakandar arva området, men blei avsett og drepen av Gaur Rahman, radjaen av Yasin. I 1842 tvinga bror til Shah Sakandar, Karim Khan, Gaur Rahman til å flykta med hjelp frå Sikh-føderasjonen. Sikh-generalen Nathu Shah lét troppar vakta staden, og Karim Khan herska over Gilgit fram til byen blei overgjeven til Gulab Singh av Jammu og Kashmir i 1846 gjennom Amritsar-traktaten.[1]
I 1848 gjekk fyrstestaten Hunza til åtak på staden. Herskarane blei drepne, men Hunza-styrkane blei rask drivne ut av dogra-troppan til Gulab Singh. Eit folkeleg opprør dreiv ut dei nye herskarane i 1852, og Gaur Rahman herska til han døydde i 1860. Deretter tok nye dogra-styrkar sende av Ranbir Singh, son av Gulab Singh, festningen og byen tilbake.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Frederick Drew (1875) The Jummoo and Kashmir Territories: A Geographical Account E. Stanford, London, OCLC 1581591. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
- ↑ «Imperial Gazetteer2 of India, Volume 12 – Imperial Gazetteer of India – Digital South Asia Library». Dsal.uchicago.edu. 18 February 2013. s. 238. Henta 22 November 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Gilgit» frå Wikipedia på engelsk, og «Gilgit (by)» frå Wikipedia på bokmål den 16. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre35°55′18.71″N 74°17′21.15″E / 35.9218639°N 74.2892083°E