Hopp til innhald

Arafatberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arafatberget
arabisk جبل عرفات, Jabal 'Arafat
fjell
Land  Saudi-Arabia
Del av Hijazfjella
Primærfaktor 70 m
Koordinatar 21°21′17″N 39°59′03″E / 21.354741°N 39.984049°E / 21.354741; 39.984049
Kart
Arafatberget
21°21′17″N 39°59′02″E / 21.354831°N 39.983886°E / 21.354831; 39.983886
Kart som viser Arafatberget.
Kart som viser Arafatberget.
Kart som viser Arafatberget.
Wikimedia Commons: Mount Arafat

Arafatberget (også kalla Arafathøgda eller Arafatfjellet) er ein granittås aust for Mekka. Det er også kjent som Nådefjellet (Jabal ar-Rahmah). Åsen er staden der Muhammed leverte avskjedstalen sin til muslimane som hadde følgt han under hadj då livet hans nærma seg slutten. Det stig omtrent 70 m over sletta.

Området som omringar Arafatberget vert kalla for Arafatsletta. Nemninga Arafatberget vert nokre gonger brukt om både åsen og sletta. Det er ein viktig stad i islam, fordi pilegrimane brukar ettermiddagen der under hajj, på den niande dagen av dhul-hidja . Å vere til stades på Arafatsletta på rett dag er avgjerande for at pilegrimsreisa skal vere gyldig. Mange pilegrimar vert verande heile natta i ei vakenatt.[1]

Arafatsletta under hajj
Pilegrimar ber på Arafatsletta
  1. Karen Armstrong (2000). Islam: A Short History. s. 11. ISBN 0-8129-6618-X. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arafatberget
  翻译: