Hopp til innhald

Indianapolis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indianapolis
by
Gate og State Capitol i Indianapolis
Land  USA
Stat Indiana
Fylke Marion
Areal 963,5 km²
Folketal 855 164  (2016)
Tidssone -5
Kart
Indianapolis
39°46′07″N 86°09′29″W / 39.768611111111°N 86.158055555556°W / 39.768611111111; -86.158055555556
Wikimedia Commons: Indianapolis

Indianapolis er delstatshovudstad og den største byen i Indiana i USA. Han ligg sentralt i delstaten, rundt 120 km vest frå grensa til Ohio.

Arealet er 953,5 km² og folketalet er 855 164 (2000). Dette gjer byen til den andre største i Midtvesten (etter Chicago) og den 15. folkerikaste i USA.[1]

Indianapolis blei grunnlagd i 1821 som ein planlagd by for å husa delstatsregjeringa til Indiana. Namnet er sett saman av delstatsnamnet Indiana ('Indianar-landet') og polis, det greske ordet for 'by'. Høgsterettsdommaren Jeremiah Sullivan skal ha kome på namnet.[2]

  1. «American FactFinder – Community Facts». United States Census Bureau, Population Division. Arkivert frå originalen 10. februar 2020. Henta May 26, 2017. 
  2. «Judge Jeremiah Sullivan House». National Park Service (U.S. Dept. of the Interior). Henta August 21, 2017. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Indianapolis
  翻译: