Hopp til innhald

Mezzogiorno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mezzogiorno

Mezzogiorno er eit område i Italia som består av Basilicata, Campania, Calabria, Apulia og Sicilia, som ligg i Sør-Italia, og Molise og Abruzzo, som ligg sentralt i Italia. Stundom vert òg Sardinia og den sørlege halvdelen av Lazio rekna med i Mezzogiorno. Italienarane snakkar ofte om Sør-Italia som Il Meridione (syden) og uttrykka Meridione og Mezzogiorno vert ofte nytta om ein annan, sjølv om ordet Meridione har færre kulturelle og politiske assosiasjonar. Istituto Nazionale di Statistica (ISTAT) nyttar i dag uttrykket Italia Meridionale i staden for Mezzogiorno. ISTAT tar ikkje med Sicilia, Sardinia og det sørlege Lazio i deira definisjon av «Italia Meridionale».

  翻译: