National Museum of the American Indian
Utsjånad
National Museum of the American Indian | |||
| |||
Stad | Washington | ||
---|---|---|---|
Skipa | 18. november 1989 | ||
National Museum of the American Indian 38°53′18″N 77°01′00″W / 38.8883°N 77.0166°W |
National Museum of the American Indian er eit museum ved National Mall i Washington D.C., Manhattan i New York og i Suitland i Maryland.[1] Det er ein del av Smithsonian Institution. Museet er vigd amerikanske urfolk og levemåtane, språka, litteraturen, historia og kunsten deira. Skipinga av museet blei innleia ved eit vedtak i Kongressen i 1989.[1] Museet blei innvigd i september 2004, og samla då kring 20 000 personar frå ulike urfolksgrupper i USA.
Ein betydeleg del av samlingane kjem frå det tidlegare Museum of the American Indian som blei oppretta i New York i 1916. Det bygde på samlingane til George Gustav Heye (1874–1957).[2]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
National Native American Veterans Memorial ved National Museum of the American Indian.
-
Inne i museet.
-
Frå ein National Powwor ved National Museum of the American Indian i 2005.
-
Skulptur ved National Museum of the American Indian.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «About the Museum», National Museum of the American Indian (på engelsk), henta 6. juli 2024
- ↑ «History of the Collections», National Museum of the American Indian (på engelsk), henta 6. juli 2024
- Denne artikkelen bygger på «National Museum of the American Indian» frå Wikipedia på svensk, den 6. juli 2024.