Hopp til innhald

Palestinamandatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Palestinamandatet
Mandat i Folkeforbundet

1920–1948
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Palestina
Plasseringa til Palestina
Kart over Palestinamandatet i 1922
Hovudstad Jerusalem
Språk Engelsk, arabisk, hebraisk
Religion Islam, kristendom, drusisk, jødedøm, baha'i-tru
Poltisk struktur Mandat i Folkeforbundet
Høgkommisær
 - 1920–1925 (første) Sir Herbert L. Samuel
 - 1945–1948 (siste) Sir Alan G. Cunningham
Historisk periode Mellomkrigstida, andre verdskrigen
 - Mandatet oppretta 25. april 1920
 - Storbritannia tar offisielt kontroll 29. september 1923
 - Israelsk sjølvstendeerklæring 14. mai 1948
Valuta Egyptisk pund (fram til 1927)
palestinsk pund (frå 1927)
Føregjengar
Etterfølgjarar
Occupied Enemy Territory Administration
Transjordan
Israel
All-palestinsk styre
Den jordanske okkupasjonen av Vestbreidda
Den egyptiske okkupasjonen av Gazastripa
I dag ein del av  Israel
 Dei palestinske sjølvstyresmaktene

Palestinamandatet eller Britisk Palestinamandat var eit mandatområde nedsett av Folkeforbundet som omfatta områda Palestina og Transjordan. I dag omfattar dette statane Israel, Jordan og Dei palestinske sjølvstyresmaktene (Vestbreidda og Gaza).

Palestinamandatet vart nedsett i 1920 og oppløyst i 1948. I 1922 vart Transjordania formelt oppretta som stat, men Storbritannia held fram med å styre det meste av økonomiske, militære og utanrikspolitiske spørsmål. I 1946 sa Storbritannia frå seg denne makta og Det hashimittiske kongeriket Jordan vart proklamert. I 1947 overlet Storbritannia formelt ansvaret for Palestina til FN, noko som førte til FNs delingsplan av november 1947, som tok sikte på å dele området inn i éin jødisk og éin arabisk stat. Storbritannia trekte ut sine siste militære styrkar frå mandatområdet 14.mai 1948, same dag som staten Israel vart proklamert. I krigen som følgde delingsplanen vann Israel suverent over palestinarane og deira arabiske grannar. Israelarar kalla krigen for Sjølvstendekrigen, medan Palestinarar kalla den for Al Nakba (katastrofen). Krigen markerte byrjinga på konflikten mellom Israel og palestinarane.

  翻译: