Hopp til innhald

Savannah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Savannah
Land  USA
Fylke Chatham
Areal 202,3 km²
Folketal 147 780 (1. april 2020)[1]
Kart
Savannah
32°03′03″N 81°06′14″W / 32.050833333333°N 81.103888888889°W / 32.050833333333; -81.103888888889
Wikimedia Commons: Savannah, Georgia

Savannah er ein by som ligg ved munningen av Savannah-elva i Chatham County i Georgia i USA. I 2004 hadde byen 129 800 innbyggjar ifølgje anslag frå U.S. Census. Før 1970 var Savannah den nest største byen i Georgia. I dag er han rekna som den fjerde største.

Byen blei skipa i 1733, og er den eldste i Georgia. Under den britiske kolonitida var han hovudstad for provinsen Georgia, og seinare var han den første delstatshovudstaden til Georgia.[2]

Byområdet Savannah har eit folketal på 313 883 (anslag frå 2005) og omfattar dei tre fylka Chatham County, Bryan County og Effingham County.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. «Savannah». New Georgia Encyclopedia. Georgia Humanities Council and the University of Georgia Press. 11. september 2006. Arkivert frå originalen 8. september 2007. Henta 1. januar 2008. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  翻译: