Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest la ut dette på nytt
– HelseOmsorg21-strategien har ført til store fremskritt siden den ble lansert for 10 år siden. Folkehelseinstituttet er særlig glad for den økte satsingen på forskning i kommunehelsetjenesten og arbeidet for økt bruk av helsedata, sier FHI-direktør Guri Rortveit, som sitter i rådet til #HelseOmsorg21.
🌟Feirar 10 år med HelseOmsorg21! 🌟 I dag markerer vi eit tiår med banebrytande forsking, innovasjon og samarbeid innan helse- og omsorgssektoren. 10 år etter at dåverande helseminister Jonas Gahr Støre ga startskotet for ein eigen forskingsstrategi innan helse og omsorg, kan vi konstatere at satsinga har vore med å forme Helse-Noreg. Vi er på veg mot mange av måla til HelseOmsorg21-strategien: 📍Samarbeid på tvers av sektorar. Det er i dag ein betre kultur for samarbeid mellom akademia, næringsliv og offentleg sektor enn før. 📍Helseindustrien er vald som eksportsatsing. Dette må vi utnytte og få ut potensialet for næringsutvikling og verdiskaping. 📍Norske helseaktørar lykkast stadig betre i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. 📍Samarbeidsorganet til kommunane for forsking er oppretta. Dei har kunnskap om kva som verkar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Vidare må vi halde fram med å fremje forsking og kunnskap som grunnlag for dei tiltaka som blir sette ut i livet innan helse og omsorg. Fleire av deltakarane på dagens arrangement, var inne på verdien av helsedata og at vi i Noreg framleis har mykje å hente her. Statssekretær Usman Ahmad Mushtaq frå Helse- og omsorgsdepartementet stadfesta at departementet også er oppteke av moglegheitene helsedata gir. - Vi snakkar om helsedata kvar dag i departementet, sa han. Sekretariatet for HelseOmsorg21-rådet held til hos Forskingsrådet. Leif Rune Skymoen, Legemiddelindustrien (LMI) GURI RØRTVEIT , Folkehelseinstituttet Usman A. Mushtaq, Helse- og omsorgsdepartementet Per Morten Sandset, Ole Petter Ottersen, Guro Bjøntegaard, Veronika Barrabes, Henrietta Blankson, Tine Thorbjørnsen, Line Tangerås, Ole Johan Borge