Ulstein kommune la ut dette på nytt
Hurra!! Vi er hoppande glade💓💓 Vi har fått 800 000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune til å gjennomføre tiltak for å forskjønne og styrke «Trivselsgata» i Ulsteinvik som ei grøn og levande gate gjennom sentrum🌱✨👫💕 I området er det allereie planlagt ein trase som er skjerma for trafikk. Ved å gjere denne tilgjengeleg og ruste opp med enkle tiltak, vil det bli lagt til rette for meir bruk og opphald i sentrum. Målet er å bidra til eit meir levande Ulsteinvik sentrum der fleire oppheld seg og brukar sentrum. Særleg barnefamiliar, ungdom og eldre er viktige målgrupper. Prosjektet har som ambisjon både å bidra til at færre brukar bil, auke kunnskap og samarbeidet om sirkulære løysingar og berekraftig livsstil.♻️☘️