Kvinnherad Næringsservices innlegg

Velkommen til årets siste Næringslunsj, 6. desember kl 12 Me får spennande foredrag frå Bypass v/Kjell Fylkesnes frå Stord som vil fortelja om korleis Bypass kan sikra tryggleiken langs rasutsette område. Bypass har utvikla avansert og innovativt teknologi for å beskytta vegar mot skred og ras. Ved å bruka kjente materialar som stål og aluminium på ein ny måte, har Bypass fått patent på denne løysinga. Velkommen til å høyra meir om Noregs raskaste skredsikring- oppfunne på Stord! Les meir her https://bypass.no/ Creato arbeider med universell utforming og har på agendaen: • Eksklusive medlemstilbod: Attraktive pakkar for nettsider, kun for medlemmer i KNS. • Gratis drift og vedlikehald: Korleis du kan sikra deg dette for 2025. • Effektiv arbeidsprosess: Ein smidig arbeidsprosess som sparar tid og ressursar. • Universell utforming: Kva er det, og kvifor er det viktig for nettsider i dag? I tillegg byr dei på fleire nyttige tips og inspirasjon til korleis du kan få maksimalt ut av dykkar nettside! Les meir her: www.creato.no Som vanleg blir det servert god lunsj frå Bra Lunsj. Pris for medlem kr 300,-/ ikkje medl kr. 350,- Påmelding innan 4.12 til bms@naeringsservice.no

  • graphical user interface, website

Logg på hvis du vil se eller legge til en kommentar