Statistisk sentralbyrå (SSB)s innlegg

Andelen kvinner i IT-yrker aukar, men framleis er mindre enn éin av fire i bransjen kvinner. 💃🕺🕺🕺 Ofte er det ikkje meir enn moglegheita til å testa noko som skal til for å skapa ei interesse – og kanskje den interessa kan føra til ein framtidig yrkesveg? Girl Tech Fest er nettopp dette: Ein arena kor unge jenter kan få sjølvtillit til å utforska teknologi. Det er ein årleg teknologidag for jenter i 5. klasse, der deltakarane får prøva alt frå å laga sine eigne spel til å programmera robotar. 🤖🤖🤖 Me i SSB vil sjølvsagt gjerne bidra til å gjera fleire jenter interessert i teknologi, så i år som tidlegare stilte me med ein fantastisk gjeng rollemodellar og rettleiarar. Det var inspirerande å sjå korleis 10-åringane fekk ein heil dag til å utforske og meistre programmering og teknologi på ein leiken og kreativ måte. Kanskje dette var starten på ein karriere i IT for nokon av dei? 🤩 Takk til dei fire mentorane «våre» og dei andre mentorane, og takk til alle som arrangerte Girl Tech Fest, både på Kongsvinger og andre stader i Noreg.

  • To jenter og en mentor står rundt et bord og ser på en oppgave. På bordet ligger ledninger og en PC.
  • Mange jenter i rosa t-skjorter sitter og følger med på en dame som snakker. På skjermen bak damen står det "Velkommen til Girl Tech Fest".
  • En smilende mentor ser i kameraet. Bak henne sitter to jenter og jobber.
  • Gruppebilde av alle mentorene.

Tusen takk for at dere bidrar🙌🏻

Det er en stor glede å delta på Girl Tech Fest🌟

Se flere kommentarer

Logg på hvis du vil se eller legge til en kommentar