Hopp til innhold

Vedtekter

Fra Wikimedia Norge
Denne siden er en oversatt versjon av siden Vedtekter og oversettelsen er 100 % ferdig.
Hjem   Om oss   Bli medlem   Kontakt

VEDTEKTER FOR WIKIMEDIA NOREG

Dette er ei omsetjing frå Vedtekter. Ved eventuelle skilnadar mellom denne omsetjinga og originalen har originalen forrang.

Vedtatt av stiftingsmøtet 23.06.2007
Oppdatert av årsmøtet 21.06.2008
Oppdatert av årsmøtet 19.04.2010
Oppdatert av årsmøtet 26.04.2012
Oppdatert av årsmøtet 26.04.2014
Oppdatert av årsmøtet 17.04.2015
Oppdatert av årsmøtet 07.04.2016
Oppdatert av årsmøtet 09.03.2019
Oppdatert av årsmøtet 06.03.2021
Oppdatert av årsmøtet 04.02.2023
Oppdatert av årsmøtet 10.02.2024

§ 1 Innleiing

a) Namnet til organisasjonen er Wikimedia Norge, med Wikimedia Noreg (nynorsk) og Wikimedia Norga (nordsamisk) jamstilte former.

b) Wikimedia Noreg er ein medlemsorganisasjon.

c) Norsk bokmål, nynorsk og nordsamisk er likestilte i organisasjonen. Vedtektene skal finnast på fire likelydande språk eller målformer: norsk bokmål, nynorsk, nordsamisk og engelsk. Vedtektene blir omsette frå norsk bokmål-versjonen, som har førerang viss det er tydingsskilnadar.

§ 2 Formål

a) Formålet til Wikimedia Noreg er å styrka Wikimedia-prosjekt, spesielt dei på norsk og samisk, ved å:

  1. samla inn økonomiske middel gjennom gåver og støtteordningar, og å fordela desse midla.
  2. delta i koordinering av samarbeidet mellom prosjekta, og å samarbeida med andre partar der dette kan tena prosjekta til Wikimedia.
  3. styrka samarbeidet med prosjekta til Wikimedia i andre nordiske land og internasjonalt.
  4. marknadsføra prosjekta til Wikimedia.
  5. vera ein høyringspart overfor styresmakter og organisasjonar ved opphavsrettslege spørsmål og når interessene til Wikimedia-prosjekta er berørt.

§ 3 Medlemskap

a) Einkvar som støttar formåla til foreininga kan bli medlem.

b) Årsmøtet fastset ein årleg kontingent.

c) Styret kan suspendera medlemmer som måtte vera til skade for verksemda eller omdømet til Wikimedia Noreg. Eventuell eksklusjon blir avgjort av årsmøtet og anke på avgjerd må rettast til årsmøtet. Suspenderte og ekskluderte medlemmer har ikkje stemmerett, då dei ikkje lenger blir rekna som medlemmer. Dei kan heller ikkje inneha verv for Wikimedia Noreg.

§ 4 Årsmøtet

a) Ordinært årsmøte i Wikimedia Noreg blir halde årleg innan utgangen av april. Styret avgjer tid og møteform og eventuelt stad.

c) Årsmøtet skal annonserast på nettsidene til foreininga minst to månader i førevegen og per e-post til alle medlemmar minst fem veker i førevegen.

c) Alle medlemmar har møte- og talerett på årsmøtet. Styret kan invitera observatørar, og dei kan få talerett etter vedtak på årsmøtet.

d) Medlemmar som har betalt kontingent for inneverande år og har vore medlem i minst éin månad før årsmøtet har røysterett. Medlemmar med røysterett som ikkje kan delta på årsmøtet kan senda ein avløysar som kan røyste med fullmakt. Avløysaren kan, men må ikkje, sjølv ha røysterett. Ein må senda fullmaktsskjema til administrasjonen i forkant av årsmøtet. Ingen deltakarar på årsmøtet kan ha meir enn to røyster.

e) Alle medlemmar med røysterett har rett til å leggja fram saker for årsmøtet. Saker må vera styret i hende minst tre veker før årsmøtet. Seinast to veker før møtet skal alle saksdokument vera offentleg tilgjengeleg.

f) Årsmøtet skal

  1. handsama og godkjenna innkalling og saksliste
  2. velja møteleiar, referent, teljekorps og to protokollunderskrivarar
  3. handsama og godkjenna
    • årsmeldinga til styret
    • styregodkjend årsrekneskap
    • revisjonsmelding
    • rapporten til kontrollkomiteen
  4. vedta handlingsplan
  5. vedta budsjett og kontingent
  6. handsama innkomne saker
  7. gjennomføra val som skildra i § 6.

g) Dersom minst tjue medlemmer eller styret krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte etter same reglar som ordinært årsmøte. Det ekstraordinære årsmøtet kan berre behandle saker nemnd i innkallinga.

§ 5 Styret

a) Styret til Wikimedia Noreg er samansett av mellom fem og sju medlemmar etter avgjerd på årsmøtet. I tillegg vel ein eitt til tre varamedlemmar til styret, òg etter avgjerd på årsmøtet.

b) Styret er samansett av leiar, nestleiar og tre til fem styremedlemmar. Leiar og nestleiar blir valde av årsmøtet. Utover dette konstituerer styret seg sjølv.

c) Leiaren i styret og to styremedlemmar står på val eine året, og nestleiar og dei andre medlemmane det andre året. Samtlege styremedlemmar vert valde for to år, med mindre ein kortare valperiode er naudsynt for å oppretthalde ein rotasjon som nemnt i dette avsnittet.

Varamedlemmane vert valde for eitt år.

d) Forvaltinga av foreininga høyrer under styret. Styret skal sørgje for ein forsvarleg organisering av verksemda. Styret skal leggje fram revidert rekneskap til godkjenning på årsmøtet.

e) Leiar eller nestleiar kan kalla inn til styremøte. Styret held møte minst tre gongar årleg.

f) Vedtak vert fatta med alminneleg fleirtal. Styret er vedtaksdyktig når minst halvparten av medlemmane med røysterett er til stades og anten leiar eller nestleiar er til stades. Ved røystelikheit i styret har leiar dobbelrøyst.

g) Dei tilsette har rett til å stilla med ein observatør vald av og mellom dei tilsette på styremøta. Observatøren har tale- og forslagsrett, ikkje røysterett og ikkje styreansvar. Observatøren fråtrer frå styremøtet når styret vedtek det, når personalsaker vert handsama, og når personalpolitikk blir vedteke.

h) Dagleg leiar har rett og plikt til å møte på styremøta. Dagleg leiar har tale- og forslagsrett, ikkje røysterett og ikkje styreansvar. Dagleg leiar fråtrer frå styremøtet når styret vedtek det.

i) Kontrollkomiteen har rett til å ha ein observatør vald av og blant kontrollkomiteen på styremøta. Observatøren til kontrollkomiteen har tale- og forslagsrett, ikkje røysterett og ikkje styreansvar.

j) Viss styret i inneverande periode får fråfall av medlemmar og ikkje er vedtaksdyktig, skal resten av styret krevja ekstraordinært årsmøte med val av nytt styre.

§ 6 Val

a) Årsmøtet vel styre etter § 5a–c, valkomité etter § 7b og kontrollkomité etter § 8b.

b) Kandidatar bør vera kjent to veker før ordinært val finn stad.

§ 7 Valkomité

a) Valkomiteens oppgåve er å foreslå kandidatar til dei ledige verva som finst, bortsett frå verv i valkomiteen. Forslaget går til styret, som legg fram forslaget for årsmøtet.

b) Komiteen er samansett av minst tre av medlemmane til foreininga, som veljast for to år. Minst éin medlem er på val kvart år, og det er styret som foreslår kandidatar til ledige verv.

c) Retningsliner for arbeidet til valkomiteen vert vedtatt av årsmøtet.

§ 8 Kontrollkomité

a) Kontrollkomiteens oppgåve er å kontrollere rekneskap og styret sitt arbeid opp mot vedtektene i organisasjonen.

b) Komiteen er samansett av minst to av medlemmane til foreininga, som veljast for to år. Minst éin medlem er på val kvart år.

c) Retningsliner for arbeidet til kontrollkomiteen vert vedtatt av årsmøtet.

§ 9 Vedtektsendringar

a) Forslag om vedtektsendringar kan verte fremja for årsmøtet av medlemmar med røysterett og av styret, i samsvar med § 4e.

b) Ei vedtektsendring krev støtte frå minst 2/3 av dei avgitte røystene.

§ 10 Oppløysing

a) Oppløysing av Wikimedia Noreg kan berre verte handsama på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 3/4 av dei gitte røystene vert det kalla inn til ekstraordinært styremøte som skissert i § 4h. For at oppløysing skal skje må vedtaket her verte gjenteke med 3/4 fleirtal. Viss foreininga vert oppløyst skal eventuelle overskytande middel overførast til Wikimedia Foundation.

b) For å avklara eventuelle krav mot foreininga skal overføring av middel skje tidligast seks månader etter vedtak om oppløysing, dersom alle krav er oppgjort. Dersom det er krav mot foreininga, skjer overføring av eventuelle middel tidligast seks månader etter at uteståande krav er oppgjort.

Wikimedia Norge
c/o Sentralen
Postboks 183 Sentrum
0102 Oslo
  翻译: