Korleis kan du og bedrifta di hausta verdi av kunstig intelligens, datasett de allereie har, og bruka robotisering for å bli meir lønnsam og berekraftig?🤖 Førstkommande fredag arrangerer vi eit webinar med Oceanopolis for å gi deg informasjon om kva moglegheiter bedrifta di har for mentorhjelp dei leverer. Høgst relevant å få med seg! 📅𝐅𝐫𝐞𝐝𝐚𝐠 𝟐𝟏. 𝐟𝐞𝐛 𝐤𝐥. 𝟎𝟖:𝟑𝟎-𝟎𝟗:𝟏𝟓 Scan QR-koden, eller meld deg på her: https://lnkd.in/dpeJm44M Claus Gladyszak | European Digital Innovation Hub Oceanopolis | VIS - Vestlandets Innovasjonsselskap
Grøn region Vestland
Offentlig administrasjon
Bergen, Vestland 1 919 følgere
Vi riggar Vestland for det grøne skiftet
Om oss
Vi er eit samarbeidsprosjekt mellom næringslivet i Vestland, Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune som skal få fart på den grøne omstillinga av industrien i fylket gjennom å skape nye verdikjeder. Vi skal vere med på å realisere viktige overordna mål om kutt i CO2-utslepp, auka eksport og verdiskaping. "Industriell symbiose" kaller vi det når industrien i Vestland går saman i hubar i heile fylket, innanfor ulike industrier, om å realisere nye verdikjeder der ein utnyttar ressursar betre, får meir sirkulær økonomi og samarbeidar med andre verksemder der den eine sitt problem vert den andre sin ressurs. Grøn region Vestland skal vere med å sikre innovasjonsfinansiering til industrien slik at den kan realisere nye verdikjeder og eksport i tråd med måla om kutt i utslepp.
- Nettsted
-
https://www.gronregionvestland.no/
Ekstern lenke til Grøn region Vestland
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Bedriftsstørrelse
- 2–10 ansatte
- Hovedkontor
- Bergen, Vestland
- Type
- Offentlig virksomhet
- Grunnlagt
- 2022
Beliggenheter
-
Primær
Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen
Bergen, Vestland 5008, NO
Ansatte i Grøn region Vestland
-
Vidar Skeie
Spesialrådgjevar - næringsareal
-
Heidi Synnøve Gaustad
Prosjektleder med stort engasjement for natur, mennesker og å skape morgendagens samfunn
-
Tor Martin Misund
Senior adviser renewable energy and green infrastructure Vestland county, Excecutive Master of Management in Energy
Oppdateringer
-
Bømlo fiskerihavn kan skilte med ei verdiskaping på over 1,7 mrd kr i Langevåg i 2023, eit breidt samansett marint og maritimt næringsliv, Noregs lengste molo og gryteklare næringsområde.🐟💥 Den grønne hubben har allereie staka ut kursen og slått fast at fleirbruk, gjenbruk og sambruk skal ligge til grunn når ein skal utvikle området. Denne veka møttest næringslivet frå Langevåg, ordførar og kommunedirektør i Bømlo kommune, havnesjef, forretningsutviklarar og prosjektleiar frå Karmsund havn, grunneigarar og styremedlemmar i Hovlandshagen utvikling og Bømlo fiskerihavn, BVA og Finnås kraftlag for å diskutere korleis ein skal utnytte styrkene og snu truslar til moglegheitar i arbeidet vidare. Med så stort engasjement og systematikk i arbeidet har vi trua på å sjå både verdiskaping og fleire industrielle symbiosar i åra framover i Bømlo fiskerihavn.🌱 Eidesvik Havfiske | Bømlo Skipsservice AS | Hardanger Fiskeforedling | Eidesvik Offshore ASA | Bømlo Maskin | KARMSUND HAVN (Karmsund Port Authority) | Bømlo kommune | FINNÅS KRAFTLAG SA | BØMLO VATN OG AVLØPSSELSKAP AS | Vestland fylkeskommune | Lene Borgen Waage
-
-
𝐊𝐯𝐚 𝐞𝐫 𝐞𝐢𝐠𝐞𝐧𝐭𝐥𝐞𝐠 𝐠𝐫𝐞𝐢𝐚 𝐦𝐞𝐝 𝐝𝐞𝐬𝐬𝐞 𝐡𝐮𝐛𝐛𝐚𝐧𝐞 𝐦𝐞 𝐬𝐧𝐚𝐤𝐤𝐚𝐫 𝐨𝐦?🤔 I prosjektet Grøn region Vestland har me 19 ulike hubbar spreidd rundt i fylket. Desse er fordelte som industrihubber, energiomstillingshubber og bio/marin-hubber. Når me bruker ordet "hub" er det snakk om eit industriknutepunkt. Ein hub består av fleire aktørar lokalisert i nærleiken av kvarandre. Desse aktørane samarbeider på tvers av verdikjeder, og kan dermed utnytta ressursane betre. Det som kan vera eit problem for den eine industriaktøren, kan vera ei viktig løysing for ein annan.🌱🤝 𝐆𝐣𝐞𝐧𝐧𝐨𝐦 𝐬𝐚𝐦𝐚𝐫𝐛𝐞𝐢𝐝 𝐢 𝐡𝐮𝐛𝐛𝐚𝐫 𝐟å𝐫 𝐦𝐞: ♻️betre utnytting av ressursane 💡ein innovativ måte å samarbeida på 🌍skapt verdi for folk, miljø og økonomi Les meir om alle hubbane i Grøn region Vestland på nettsida vår. Vestland fylkeskommune | Innovasjon Norge | #industriellsymbiose #hubber #grønnomstilling #TeamVestland
-
𝐄𝐫 𝐛𝐞𝐝𝐫𝐢𝐟𝐭𝐚 𝐝𝐢 𝐤𝐥𝐚𝐫 𝐭𝐢𝐥 å 𝐥𝐲𝐤𝐤𝐚𝐬𝐭 𝐦𝐞𝐝 𝐝𝐢𝐠𝐢𝐭𝐚𝐥𝐞 𝐦𝐨𝐠𝐥𝐞𝐠𝐡𝐞𝐢𝐭𝐞𝐫?🤖 Digital transformasjon er ikkje lenger ein luksus, men ei nødvendigheit. Anten det handlar om å oppgradera forretningsmodellar, forbetra prosessar eller levera smartare produkt og tenester, kan innovative teknologiar som kunstig intelligens, data og robotikk gi bedrifta di eit konkurransefortrinn. Me inviterar no til eit webinar der mentorar frå European Digital Innovation Hub Oceanopolis fortel nærare om kva slags moglegheiter bedrifta di har for å få gratis mentorbistand til slike utfordringar. Her vil du få praktiske døme på korleis du kan kartleggja di bedrifts digitale modnad, til korleis de går fram for betre å lykkast med å få med tilsette på digitale utviklingsløp – til det beste for både lønnsemda til bedrifta og gode kundeopplevingar.🧑💻 Webinaret er opent for alle og er ei unik blanding av praktiske døme og ekspertinnsikt. Du vil læra korleis du kan testa og realisera nye digitale løysingar – same kvar i digitaliseringsreisa di bedrift er. Me tilrår spesielt alle bedriftene knytt til hubbene å melda seg på. 📅𝟐𝟏. 𝐟𝐞𝐛𝐫𝐮𝐚𝐫 𝐤𝐥. 𝟎𝟖:𝟑𝟎 👉Meld deg på webinaret her: https://lnkd.in/dpeJm44M Claus Gladyszak | VIS - Vestlandets Innovasjonsselskap | Vestland fylkeskommune | Innovasjon Norge
-
-
𝐒ø𝐤 𝐨𝐦 𝐬𝐭ø𝐧𝐚𝐝 𝐭𝐢𝐥 𝐬𝐚𝐦𝐚𝐫𝐛𝐞𝐢𝐝𝐬𝐩𝐫𝐨𝐬𝐣𝐞𝐤𝐭🤝💵 Har du store teknologiprosjekt der det trengst fleire aktørar for å lykkast? Eller planar innan grøn omstilling som løyser nye utfordringar? Då kan Grønn plattform-ordninga vera noko for deg. No blir det lyst ut inntil 823,5 mill. kroner til Grønn plattform-prosjekt med oppstart tidleg i 2026. For å kunna søkja må du senda inn ei obligatorisk skisse innan fristen 𝟓. 𝐦𝐚𝐫𝐬.📃 Les meir om ordninga i artikkelen under. Siva SF | Norges forskningsråd | Innovasjon Norge
Norges forskningsråd, Innovation Norway og Siva SF lyser ut nye treårige Grønn plattform-prosjekter. Les mer 👇🤗
-
📢Har du hugsa å melda deg på fredagens webinar? 17. jan kl. 08:30-09:30 kan du få ein gjennomgang av vårt oppdaterte dashboard med full oversikt over hubbane, utsleppstal, barrierane og mykje meir! 👉Meld deg på her: https://lnkd.in/dJACStYG Vestland fylkeskommune | Lene Borgen Waage
-
Vestland kutta utsleppa sine med 4,3 % i 2023 gjennom mindre utslepp frå energiforsyning. Sidan toppåret 2013 har vi kutta utsleppa med 23%! Sjå https://lnkd.in/df3iCEPN for fleire oppdaterte tabellar for kommunar og næringar i Vestland.
Nye tal for klimagassutslepp! 🌱 Dei fleste kommunar har sidan 2009 redusert utsleppa frå vegtrafikk, oppvarming, avfall og avløp. Sjå utviklinga i kommunen din her: https://lnkd.in/de6bT4Fh – Klimagassrekneskap for kommunar og fylke bidreg til auka forståing for utsleppa lokalt, og er eit verktøy for kommunane i deira klimaarbeid. Vi opplever at kommunane er engasjerte, og oppdaterte tal viser at fleire deltek aktivt med å redusere klimagassutsleppa, seier miljødirektør Ellen Hambro.
-
-
👋Har du tatt ein titt på det nye verktøyet vi lanserte før jul? Vi veit at dette "dashboardet" med utsleppstal er ei kompleks oversikt. Derfor vil årets første webinar frå Grøn region Vestland handla om nettopp dette verktøyet. 17. januar kan du starte morgonen digitalt saman med Lene Borgen Waage, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune, som vil gi deg ein fullstendig gjennomgang av dashboardet. 🔍Korleis ligg vi an med måla våre, og er vi på rett veg for å nå de? 📅 Dato: 17. januar 🕒 Tid: 08:30 - 09:30 Webinaret er opent for alle. Registrer deg her: https://lnkd.in/dJACStYG
-
-
Korleis ligg vi an for å nå måla våre, og er vi på rett veg?🤷♀️ Vi har lansert eit oppdatert verktøy for Vestland med full oversikt over hubbane, utsleppstal, barrierane og mykje meir. Årets lille julegåve frå oss🎁 Sveip deg gjennom oversikta under for å læra meir om dashboardet. Den fullstendige versjonen finn du her: https://lnkd.in/df3iCEPN Vestland fylkeskommune | Innovasjon Norge | Lene Borgen Waage | Heidi Synnøve Gaustad | Aslak Sverdrup | Bård Sandal | Kathrin Jakobsen | Sondbø Sølve | Rolf H. Sørland
-
Grøn region Vestland la ut dette på nytt
Vi står samla i arbeidet med Grøn region Vestland! 🤝🌱 Vestland fylkeskommune, Innovasjon Norge Vestland, Siva SF og Norges forskningsråd Vestland har signert ein regional samhandlingsavtale. - No styrkar vi samarbeidet, blant anna ved å møtast oftare og bruke kvarandre sin kompetanse meir aktivt. Alle partane i firepartsamarbeidet arbeider for å styrke hubbane i Grøn Region Vestland, vårt største missonsarbeid. Samarbeidet så langt har styrka forståinga og erkjenninga av at vi må stå samla om å løyse dei store utfordringane innan kunnskaps-, innovasjon-, forsking og næringsutvikling i Vestland. No gler vi oss over å kunne starte det nye året med ein ny og endå betre samarbeidsavtale, til det beste for våre verksemder og verdiskaping i Vestland , seier Bård Sandal, direktør næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. 📝Avtalen er ei vidareføring av avtale inngått i 2021 og er forankra i den nasjonale samhandlingsmodellen mellom fylkeskommunane, Innovasjon Norge, Siva og Norges forskningsråd.
-