Mat- og restaurantbransjen - sjå her! 👋 Ti nye faglærte kokkar er klare for Bergens arbeidsmarknad! 🧑🍳🍲🍣 Bergen har lenge hatt behov for faglærte kokkar. Derfor satt vi i gang eit samarbeid om kokkefag for vaksne innvandrarar saman med Nav og ein rekke arbeidsgivarar – nemleg Sandslimodellen. Opplæringa er komprimert, med ekstra norsk som ein integrert del av både språk- og fagopplæringa. No skal altså dei nyutdanna kokkene på jobbjakt. Vi ønskjer dei lykke til og håper bransjen tar dei godt i mot! 🤞 🔍Vi besøkte kokkane i 2022. Les saka her: https://lnkd.in/gvS7Qxx8 Foto: Nav.
Vestland fylkeskommune
Offentlig administrasjon
Bergen, Vestland 8 727 følgere
Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Om oss
Vi arbeider for alle innbyggjarar i Vestland! Vi har blant anna ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelse, fylkesvegar, kollektivt, klima og miljø, friluftsliv, kultur og mykje meir 🏫🦷🛣️♻️🎭 Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar gjekk saman og blei Vestland fylkeskommune 1. januar 2020.
- Nettsted
-
http://vestlandfylke.no
Ekstern lenke til Vestland fylkeskommune
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Bedriftsstørrelse
- 5 001-10 000 ansatte
- Hovedkontor
- Bergen, Vestland
- Type
- Offentlig virksomhet
- Grunnlagt
- 2020
- Spesialiteter
- opplæring, næringsutvikling, videregående skole, fylkesvei, kollektiv, kultur, tannhelse, økonomi, administrasjon, politikk, klima, folkehelse, akriv, dokumentasjon
Beliggenheter
-
Primær
Lars Hilles gate 22
Bergen, Vestland, NO
-
Askedalen 2
Hermansverk, 6863, NO
-
Storehagen 1b
Førde, 6800, NO
Ansatte i Vestland fylkeskommune
Oppdateringer
-
Vestland fylkeskommune la ut dette på nytt
🌟 Smak litt på denne: I Vestland går det folk om bord i buss, båt og bybane over tre hundre tusen gonger i døgnet! 📊 Statistikken vår viser at vi totalt hadde 92,7 millionar påstigingar i kollektivtrafikken i 2024. På kvardagar er det i snitt 306 000 påstigingar. 🏙️ Av alle kollektivreisene i Vestland, skjer meir enn 9 av 10 i bergensområdet. Reisetala aukar stadig, og i Bergen og omegn var det så mykje som ti tusen fleire påstigingar kvar dag enn året før. 🌳 Kollektivtrafikken speler ei ekstremt viktig rolle i trafikkavviklinga i byområdet, fordi den sikrar betre framkomst for alle. Med så mange daglege reisande er det vanskeleg å sjå for seg korleis bergensområdet ville fungert utan #kollektivtrafikk. 🔎 Fleire tal frå året som gjekk kan du sjå her: https://lnkd.in/dkuzRyfM Vestland fylkeskommune Bybanen AS
-
-
Kva konsekvensar får ein ny veg, ei bru eller eit nytt bygg på ein vidaregåande skule for naturtypar og artar? Vestland fylkeskommune har for første gong kartlagt naturkonsekvenser av investeringar 🛣️🌲 Målet er at det skal vere like naturleg å ha oversikt over naturkonsekvensar, som over pengebruk og klimagassutslepp. Fylkeskommunen har i første omgang kartlagt utvalde investeringar innan eigedom- og vegsektoren, seks vegprosjekt og ein vidaregåande skule som treng meir areal. På sikt er planen å utvide vurderinga av naturkonsekvensar både innan desse sektorane og for fleire sektorar i fylkeskommunen. Men kva er det eigentleg som er kartlagt? Kva er ein naturkonsekvens? 🤔 🌱For det første er det ei oversikt over kor mykje areal fylkeskommunen legg beslag på, og kva arealtypar det er der. 🌱Men også kva naturtypar det er, om dei er raudlista eller utvalde naturtypar og kva raudlista artar som er observerte og registrerte i området. 🌱I tillegg er det sett på kva naturtype som ligg i ei 50 meter buffersone rundt prosjektet, altså kva natur rundt vegane og bygga som blir påverka. Klima og natur eitt av fire satsingsområde i den nye utviklingsplanen fylkestinget vedtok i desember 2024. Ein av ti strategiar er at «Vestland skal forvalte natur-, landskaps- og kulturverdiar i eit langsiktig perspektiv, og følgje opp Montrealavtalen frå 2022». 🗺️Les meir og sjå kart over naturkonsekvensane for seks vegprosjekt her: https://lnkd.in/du7Nc6Hk Foto: Heidi Ravnestad/Vestland fylkeskommune.
-
-
Unge ser til reiselivsbransjen! ✈️🏨🌍 📈På få år har Sal, service og reiselivs-linja på Os vidaregåande skule vekse til det dobbelte. Og det aukar. Fleire står på venteliste for å få plass. Då assisterande rektor Harald Natvik såg seg om etter ein plass å ha fagdag opna Scandic Ørnen dørene sine gratis, og dei blei ein del av programmet for å fortelje om korleis det er å vere lærling hos dei. – Vi opplever meir fokus på reiseliv. Dei som er motivert for eit internasjonalt yrke søker seg til oss. Innanfor reiseliv er det naturlig å samarbeide med private. Derfor er det fint å ha fått med seg fleire hotellkjeder som Hotell Norge, De Bergenske og Radisson Blu Royal Hotel Bergen, seier Natvik. I tillegg var Widerøe med digitalt for å fortelle korleis det er å gå i lære hos dei, POWER Norge AS har butikkar i fire land og kan tilby mange læreplassar og JYSK har behov for lærlingar innan administrasjon- og salsfaget. Forsvaret - Norwegian Armed Forces var også på plass og er Noregs største lærebedrift. Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune.
-
-
Bli med å tilby sommarjobb i 2025! ☀️👋 Dei siste åra har det vore ein nedgang i talet på bedrifter som tilset sommarvikarar. Samtidig veit vi at 7000 ungdommar i Vestland står utanfor utdanning og arbeidsliv. For ungdommar kan ein sommarjobb vere ein døropnar for vidare utdanning og jobb 🤝 Derfor har Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og Nav lansert nettsida "Sommarjobb i vest" (https://lnkd.in/d2XNkWUV) og oppmodar verksemder i fylket til å melde inn kva sommarjobbar dei tilbyr. — Vi treng fleire folk inn i arbeidslivet i alle sektorar framover. Vi må alle ta det taket og jobbe på alle flater for å styrke rekrutteringa til arbeidslivet. Vi oppmodar til dugnad for å tilsette endå fleire unge i sommarjobb, seier fylkesordførar Jon Askeland. ✌️Det er superenkelt å bli med: 1️⃣Lag ein attraktiv stillingsutlysing og legg som vanleg ut på nav.no 2️⃣Nedst i stillingsteksten din legg du til #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest. Då fangar vi den opp, og han blir automatisk overførte til sommarjobbivest.no og kampanjen. Vestland fylkeskommune skal i år lyse ut over 100 sommarjobbar! Kor mange kan din bedrift tilby? 😏 "Sommerjobb i vest" er støtta av Fana Sparebank, Sparebanken Vest og SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
-
-
Kommunal- og forvaltningskomiteen er på besøk i Vestland måndag 13. og tysdag 14. januar. Det første stoppet var hos fylkeskommunen i Vestlandshuset i Bergen. Her vart det orienteringar ved både fylkeskommunen og Statsforvaltaren i Vestland. - For å seie det veldig enkelt, enten lukkast Vestland eller så lukkast ikkje Noreg - det er Jonas sine ord kvar gong han er her og snakkar. De er altså i det viktigaste verdiskapingsfylke og det største eksportfylket. Saman med Rogaland og Møre og Romsdal er veldig mykje av landets inntekter skapt i desse fylka. Då er det viktig at vi har ein effektiv offentleg administrasjon som gjer at næringslivet lukkast kvar bidige dag. Det er oppdraget vårt, at vi skapar gode bumiljø og lokalsamfunn der det er arbeid, og legg til rette for verdiskaping, opna fylkesordførar Jon Askeland. Han presenterte «suksessen Vestland», og snakka om regional utvikling, næringsarbeid, inkludering og utanforskap, kollektiv og samferdsle, fylkesøkonomi og administrative innsparingar. Etter orienteringa fekk fylkesordføraren spørsmål om blant anna arbeidet med utanforskap og mangelen på arbeidskraft, digitalisering, finansiering av ferjer og hurtigbåt og omlegging til elektrifisering, grøn næringsutvikling, tannhelsestruktur og kraftindustri. Tre kommunar deltok under møtet i Vestlandhuset: Frå Bergen stilte byrådsleiar Christine Meyer for mellom anna å fortelje om korleis det auka presset på kommunale oppgåver slår ut for kommunen. Anstrengt kommuneøkonomi var tema for Askøy, og Bømlo kommune snakka om aktiv næringspolitikk og utvikling i Sunnhordland. Komiteen reiste nordover i fylket måndag ettermiddag. Her skal dei blant anna til Solund, der temaet ferjeavløysingsordninga og det store ferjeavløysingsprosjektet Ytre Steinsund bru. Fylkesordførar Jon Askeland deltek begge dagane.
-
-
-
-
-
+ 3
-
-
For ein pangstart på 2025! 💥😮💨 Over 300 politikarar og representanter frå både offentleg og privat sektor i Vestland fylte Peer Gynt-salen i Grieghallen under det årlege Vestlandsmøtet i regi av fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies. Årets tittel var «Korleis trygge Vestland i ei uroleg tid?». Tema som utanforskap i arbeidslivet, inkludering i idrett, distriktspolitikk og kva vi treng av kvarandre blei diskutert. - Vi spurde: Korleis trygge Vestland i ei uroleg tid? Svaret ligg i oss, i innsatsen vår og vår vilje og evne til å samarbeide, sa Askeland. - Vi ønsker alle å løfte Vestland, det er berre eit spørsmål om korleis, og det fekk vi gode diskusjonar på i dag. Vi kan minne oss på, at når vi først er einige om å løfte Vestland, er vi ei enorm kraft. Det håpar eg vi tek med oss, og at vi jobbar saman om det vi er einige om, oppsummerte Davies. 🤔 Nysgjerrig på meir? Sjå heile møtet her: https://lnkd.in/dAGHHak8 Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune.
-
-
-
-
-
+ 8
-
-
Vestlandsmøtet er i gong! 💥 300 politikarar og leiarar frå næringsliv og organisasjonar i Vestland er samla for å kickstarte det politiske året 2025. Stream heile møtet ved å klikke på lenka: https://lnkd.in/dVs-Ppgv
-
-
Vi kickstartar det politiske året 2025 på Vestlandsmøtet! 💥 Fredag 10. januar inviterer fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies stortingsrepresentantar og sentrale aktørar i Vestland for å diskutere høgaktuelle tema for fylket. Her er berre nokre av det du får sjå: 📉 Erna Solberg (H) og Lubna Jaffery (Ap) om utanforskap i arbeidslivet. 🏓 Olympisk meister Tommy Urhaug om idrett, integrering og sosialt ansvar. 😵💫 Helge Andre Njåstad (FrP) og Marthe Hammer (SV) om korleis balansere verdiskaping, miljø og velferd i ei usikker tid – «på vestlandsk». Heile Vestlandsmøtet ser du live fredag kl. 9 ved å klikke på lenka: https://lnkd.in/dVEaZe-D.
-
No skal fylkesvegane få betre og lengre levetid ved hjelp av ny metode! 🛣️💡 I staden for å legge nytt dekke som risikerer å sprekke opp etter berre få år, vil vi jobbe langsiktig og meir berekraftig. Sist veke vart det sett av 134 millionar kroner til forsterking av fylkesvegnettet i to nye år, i samband med vedtak av budsjett 2025 og økonomiplan 2025–2028 i fylkestinget. Oppgraderinga består av å betre drenering og forsterke vegkroppen. Miljøgevinsten ved arbeidet er stort, blant anna ved gjenbruk av massar og lengre levetid på asfalten. Drenering er eit viktig klimatiltak i fylket for å sikre framkomelege vegar under ekstremvêr ⛈️ Tiltak er allereie gjort på delar av fylkesveg 5160 i Hausdalen i Bergen og på fylkesveg 549 Hollekjevegen i Tysnes kommune. Det er mange strekningar i Vestland som vil vere aktuelle for slik forsterking i åra som kjem- Kartlegginga vår viser nemleg at om lag 1100 km fylkesveg i Vestland har behov for forsterking. Det vil ta tid å gjennomføre, men det er godt å vere i gang og sjå konkrete resultat ✅ 🔎Les meir her: https://lnkd.in/ddUTsCtR
-