Vi kan ikkje sitje stille lenger! 😮
Fysisk aktivitet er bra for helsa. Inaktivitet gir dårlegare helse og kostar samfunnet store summar. Likevel er vi ikkje så aktive som vi bør vere.
Korleis kan vi få fleire til å bevege seg meir?
Det var tema då Folkehelsekonferansen Vest 2024 gjekk av stabelen i Vestlandshuset torsdag. Konferansen er arrangert av Idrettsklynge Vest og Alrek helseklynge, i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest.
– Vi må forebygge meir, og er det éin ting vi skal investere i, så er det turvegar. Det er ekstremt god samfunnsøkonomi. Det er bra for helsa, du møter andre menneske og får ei naturoppleving. Eg skulle ønske fleire kommunar begynte å rekne på dette, oppmoda Olov Belander, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet.
Henrik Romsaas, friluftsrådgjevar i Enhet for park, idrett og friluft, Tromsø kommune, snakka om dei tre viktige T-ane: Tilgjengeleg, tilrettelagd og tiltrekkjande.
– Vi har verdas einaste «Ski in, ski out-hospital». Slike historier om Tromsø gjer at vi rekrutterer folk, sa Romsaas.
Men kvifor masar vi så grådig mykje om fysisk aktivitet? 💆♂️💆♀️
Svaret er at vi ikkje berre lever lengre, vi får også eit friskare vaksenliv, som tener heile samfunnet. Helsegevinsten ved å gå frå inaktivitet, til å vere delvis fysisk aktiv er stor, heile 7,7 ekstra leveår!❤️
Og all aktivitet tel. Smågåinga til og frå banen og bussen er veldig viktig. Det må ikkje vere Stoltzen!😊👌
Til stades i Bergen var også direktør Guri Rortveit i Folkehelseinstituttet:
– Folkehelse er eit tverrsektorielt ansvar. Vi må lære av andre og kvarandre, som på denne konferansen, og vi må ta førebygging på alvor, sa Rørtveit.
Til sist var det politisk paneldebatt, med blant andre varafylkesordførar Stian Jean Opedal Davies:
– Den største utfordringa når det kjem til folkehelse er fattigdomsgrensa. Skal ein klare å få folk inn i god helse, må ein løfte dei ut av fattigdom, sa Davies.
Nokre harde fakta:
✅9,2 timar: Snitt på kor mykje vi sit i ro kvar dag
✅150 minuttar: minimumsanbefaling for moderat aktivitet for vaksne i veka
✅550 milliardar: Det fysisk inaktivitet kostar samfunnet årleg på verdsbasis (tal frå 2013)
På bilete med #visitikkjestille ser vi Berit Angelskår, leiar Alrek helseklynge, Malene Joensen, leiar Idrettsklynge Vest, Cathrine Horn Sommersten, rådgjevar Kunnskapskommunen Helse Omsorg, og Atle Skrede, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune.