Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune

Offentlig administrasjon

Bergen, Vestland 8,330 følgere

Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.

Om oss

Vi arbeider for alle innbyggjarar i Vestland! Vi har blant anna ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelse, fylkesvegar, kollektivt, klima og miljø, friluftsliv, kultur og mykje meir 🏫🦷🛣️♻️🎭 Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar gjekk saman og blei Vestland fylkeskommune 1. januar 2020.

Nettsted
http://vestlandfylke.no
Bransje
Offentlig administrasjon
Bedriftsstørrelse
5 001-10 000 ansatte
Hovedkontor
Bergen, Vestland
Type
Offentlig virksomhet
Grunnlagt
2020
Spesialiteter
opplæring, næringsutvikling, videregående skole, fylkesvei, kollektiv, kultur, tannhelse, økonomi, administrasjon, politikk, klima, folkehelse, akriv, dokumentasjon

Beliggenheter

Ansatte i Vestland fylkeskommune

Oppdateringer

  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    ⭐ Gratulerer... ⭐ ...til alle dei over 300 som fekk fagbrevet eller sveinebrevet sitt sist veke. Håkonshallen var fylt av spente og høgtidsstemde sveinar, familie og venner 🥇🎉 – Du har møtt og vil møte ei verd og ein jobbsituasjon der endring og omstilling blir det vanlege, både i jobbteknikkar og arbeidsmiljø. Kanskje vil du vere med på å skape heilt nye jobbar, for kunnskapen vil alltid drive fram det nye. Då er du er veldig verdifull, for det du kan, det kan alltid byggjast vidare på, og med dine eigne menneskelege eigenskapar, så har du grunnsteinen i jobblivet ditt for det du vel vidare, sa fylkesordførar Jon Askeland. Gratulerer igjen! Vestland treng dykk – og Noreg treng dykk ❤️ 📸 Eivind Senneset/Bergen Næringsråd Fleire foto 👇 📸 https://lnkd.in/dcmetGvH 📸 https://lnkd.in/dPWqxGsA

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
      + 2
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    Vi kan ikkje sitje stille lenger! 😮 Fysisk aktivitet er bra for helsa. Inaktivitet gir dårlegare helse og kostar samfunnet store summar. Likevel er vi ikkje så aktive som vi bør vere. Korleis kan vi få fleire til å bevege seg meir? Det var tema då Folkehelsekonferansen Vest 2024 gjekk av stabelen i Vestlandshuset torsdag. Konferansen er arrangert av Idrettsklynge Vest og Alrek helseklynge, i samarbeid med Vestland fylkeskommune og Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest. – Vi må forebygge meir, og er det éin ting vi skal investere i, så er det turvegar. Det er ekstremt god samfunnsøkonomi. Det er bra for helsa, du møter andre menneske og får ei naturoppleving. Eg skulle ønske fleire kommunar begynte å rekne på dette, oppmoda Olov Belander, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet.   Henrik Romsaas, friluftsrådgjevar i Enhet for park, idrett og friluft, Tromsø kommune, snakka om dei tre viktige T-ane: Tilgjengeleg, tilrettelagd og tiltrekkjande. – Vi har verdas einaste «Ski in, ski out-hospital». Slike historier om Tromsø gjer at vi rekrutterer folk, sa Romsaas. Men kvifor masar vi så grådig mykje om fysisk aktivitet? 💆♂️💆♀️ Svaret er at vi ikkje berre lever lengre, vi får også eit friskare vaksenliv, som tener heile samfunnet. Helsegevinsten ved å gå frå inaktivitet, til å vere delvis fysisk aktiv er stor, heile 7,7 ekstra leveår!❤️ Og all aktivitet tel. Smågåinga til og frå banen og bussen er veldig viktig. Det må ikkje vere Stoltzen!😊👌 Til stades i Bergen var også direktør Guri Rortveit i Folkehelseinstituttet: – Folkehelse er eit tverrsektorielt ansvar. Vi må lære av andre og kvarandre, som på denne konferansen, og vi må ta førebygging på alvor, sa Rørtveit. Til sist var det politisk paneldebatt, med blant andre varafylkesordførar Stian Jean Opedal Davies: – Den største utfordringa når det kjem til folkehelse er fattigdomsgrensa. Skal ein klare å få folk inn i god helse, må ein løfte dei ut av fattigdom, sa Davies.   Nokre harde fakta:   ✅9,2 timar: Snitt på kor mykje vi sit i ro kvar dag ✅150 minuttar: minimumsanbefaling for moderat aktivitet for vaksne i veka ✅550 milliardar: Det fysisk inaktivitet kostar samfunnet årleg på verdsbasis (tal frå 2013)   På bilete med #visitikkjestille ser vi Berit Angelskår, leiar Alrek helseklynge, Malene Joensen, leiar Idrettsklynge Vest, Cathrine Horn Sommersten, rådgjevar Kunnskapskommunen Helse Omsorg, og Atle Skrede, seniorrådgjevar i Vestland fylkeskommune.

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    Deler ut 1,9 millionar til næringslivet! 🌱 💼  Hovudutval for næring deler ut 1,9 millionar kroner for å vidareføre næringshageprogrammet i Voss, Kvam, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Kvinnherad. Støtta er avgjerande for å styrke det lokale næringslivet og gi innbyggarane fleire moglegheiter! ✨🚆⚡️🌳  Sidan 2023 har Hardanger og Voss Næringshage AS, Kvinnherad Næringsservice og Næringshagen i Ullensvang arbeidd med å tilby innovative løysingar og støtte til lokale verksemder. Med denne tildelinga kan vi fortsette å utvikle programmet, som har bidratt til auka aktivitet og samarbeid mellom næringslivsaktørar. Kvifor er dette viktig? ✅Styrking av lokalt næringsliv: Næringshageprogrammet gir små og mellomstore bedrifter tilgang til ressursar, nettverk og kompetanse som er naudsynt for vekst.  ✅Berekraftig utvikling: Programmet fokuserer på grøn omstilling og innovasjon, noko som er essensielt for framtidas næringsliv.  ✅ Sysselsetting: Ved å støtte næringslivet bidrar vi til fleire arbeidsplassar og betre livskvalitet for innbyggarane. Vi gjer dette for å styrke næringslivet i Vestland og skape nye moglegheiter for alle! 🌍💪 🌱    Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune. 

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    Er verksemda eller organisasjonen din opptatt av å 🍀 få fleire med i naturvenleg friluftsliv? 🍀 skape helsefremjande lokalsamfunn? 🍀 bruke friluftslivet i inkluderings- og integreringsarbeid? 🍀 skape endå betre samarbeid mellom kommunane og frivilligheita? Bli med og markere Friluftslivets år 2025 i Vestland 🏄♀️🧗♂️⛷️ Måndag 9. desember inviterer vi alle interesserte til samling på Vestlandshuset i Bergen for å planleggje korleis vi best kan markere Friluftslivets år 2025 i Vestland. Målgrupper er friluftsorganisasjonar, frivilligheita, friluftsråda, kommunar, skular, næringsliv og alle som er interesserte. Smakebitar frå programmet: 📌 Linda Øverli Nilsen i Norsk Friluftsliv, organisasjonen som leier prosjektet nasjonalt, kjem og oppdaterer oss på kva som er planlagt og kva dei jobbar med nasjonalt. 📌 Bjørn Egil bjorn_egil_tolas er aktivist, føredragshaldar og ikkje minst erfaringskonsulent. Han skal fortelje oss korleis han som rullestolbrukar nyttar naturen. 📌 Sarah Anderson samfunnsgeograf og skal snakke om korleis vi kan invitere inn ikkje-norske til friluftsaktivitetar på ein inkluderande måte. 📌 Åge Avedal er seniorrådgjevar i fylkeskommunen og har jobba med frivilligfeltet i mange år. Han vil dele erfaringar om korleis får til eit godt samarbeid mellom offentlegheita og frivilligheita. Meir informasjon og påmelding 👇 https://lnkd.in/dJ3cMVdw Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) | Bergen og Hordaland Turlag | Kristine Fauske

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    Hev ambisjonsnivået når det gjeld menneskerettar! Det er tilrådinga frå Menon Economics i eit nytt kunnskapsgrunnlag om papirlause menneske i Vestland. Der kjem det blant anna fram at det er minst 200–300 papirlause menneske i fylket i dag.   Tilrådingane frå Menon: 💠 Hev ambisjonsnivået til å handle om menneskerettar generelt og jobb for ein felles politisk strategi eller ei erklæring for betre menneskerettar i fylket. 💠 Ta ei tydeleg kunnskapsrolle ved å halde fram og utvide som alt er gjort med konferansar og samarbeidsforum. 💠 Fylkeskommunen bør gå føre som eit godt døme når det gjeld eigne tenester som tannhelse, kollektivtrafikk og og vidaregåande skule. Fylkestinget skal behandle kunnskapsgrunnlaget i desember, og rapporten skal også blant anna vere tema på det neste møtet i samarbeidsforum for papirlause i Vestland. Les meir og sjå heile rapporten her 👇 https://lnkd.in/dEh6Fsfj

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    Vi kan ikkje sitje stille lenger 🤾🤸🚴♀️ Fysisk aktivitet er bra for helsa. Stillesitting gir dårlegare helse. Likevel er vi ikkje så aktive som vi bør vere – skal vi sitte stille å sjå på? Folkehelsekonferansen Vest 2024 blir arrangert i Bergen 21. november og set søkjelys på fysisk aktivitet. Korleis vi kan inspirere til meir aktivitet? Det krev innsats av mange🏄♀️🧗♂️⛷️ Vi må tenke arkitektur og natur, idrett og politikk – kanskje bør vi få trening på blå resept? Bli med og få ny kunnskap og gode døme frå heile Vestland – som motiverer til handling Informasjon og påmelding 🔜 https://lnkd.in/eMKcKa9D Alrek helseklynge | Idrettsklynge Vest | Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    – Vi skyt oss sjølve i foten kvar dag! Det sa Aksel Mjøs, leiar for naturrisikoutvalet på plankonferansen i dag. Han sikta til at økonomien og velferda vår er heilt avhengig av naturen, og samstundes skader vi den same naturen. Naturrisikoutvalet står bak NOU-en «I samspill med naturen — Naturrisiko for næringer, sektorer og samfunn i Norge». 🌳 Deira viktigaste råd? Natur må inn i offentlege avgjerdsprosessar 🌱 Det var 300 deltakarar og full sal då fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies og statsforvaltar Liv Signe Navarsete opna konferansen i dag! Navarsete framheva kor viktig arbeid med arealrekneskap er i kommunane, og at i arbeidet med berekraftig arealforvalting er samarbeid og samordning sentralt. Ho og Davies viste begge til nasjonale forventingar med søkjelys på tilstrekkeleg næringsareal, men minst mogeleg belasting på natur. Denne balansen er utfordrande og viktig ⚖️ – Det er kritisk for å nå 1,5 gradersmålet i Parisavtalen at vi, som ein kunnskapsrik region med kraftfulle ressursar og føresetnader, styrkar evna vår til å prioritere. Det er både ei administrativ og ei politisk utfordring. Areal er den viktigaste innsatsfaktoren for ei berekraftig omstilling av verdiskapinga vår, sa Stian Davies 📈📌 Nikolai Winge har eit stort engasjement for plan- og bygningsrett. Han er jurist og dagleg leiar i Holth & Winge. Winge sa at styrking av forvaltingsprosessane er avhengig av å forstå skilje mellom faktum, juss og politikk. – Planvask i kommunane kan vere eit av dei mest effektive verkemidla innan klima-, natur- og jordvernforvaltinga, slo han fast 📝🍀 Plankonferansen samlar planleggarar, næringsutviklarar, kommunedirektørar og politikarar - til kunnskapsdeling, læring og inspirasjon!

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    Endeleg er alle tilsette på Leikanger samla under same (solcelledekte) tak! Det var ein stor dag i dag då alle møtte kollegaene sine igjen i det rehabiliterte fylkeshuset 🤝☀️👩💻 Sidan fylkessamanslåinga i 2020 har dei nær 250 fylkeskommunalt tilsette på Leikanger vore splitta på først to, og no det siste halvanna året, fire ulike stadar. Men no i dag – 24.10.24 – flytta alle inn i same, klimavenlege hus 💚🧱 – Det blir kjekt å få meir fellesskapskjensle når vi no blir samla. Dei midlertidige kontorlokala bar litt preg av at vi var «på besøk», og at det var litt tilfeldig kven som var der. Her blir vi meir del av ein arbeidsplass, fortel Tine Sille Svendsen i seksjon for plan, klima og analyse. Fylkeshuset frå 1989, som på utsida ser ganske likt ut, har fått seg ei totaloverhaling. Vi flyttar inn i eit moderne kontorbygg, med arbeidsstasjonar i minilandskap, enkeltkontor, møterom og sosiale soner. No ser vi fram til å ta huset i bruk for alvor med alt det inneber for det fylkeskommunale fellesskapet på Leikanger når det gjeld samhandling og kort veg mellom kollegaer 👌 – Dette er ein stor dag for både Vestland fylkeskommune og Leikanger. Endeleg får alle plass under same tak, skal ha lunsj i same kantine, og kan ta i bruk alle fasilitetane huset byr på saman. Vi skal ta ut mange gevinstar med dette bygget, der grunnlaget er eit godt arbeidsmiljø i gode omgjevnader. Med kort veg mellom kollegaer betrar vi samhandlinga. Med energieffektive og klimavenlege løysingar har vi redusert energitapet med 50 prosent gjennom rehabiliteringa. Eg er sikker på at dette får mykje å seie for det fylkeskommunale fellesskapet på Leikanger, seier fylkesordførar Jon Askeland 🎉 Les meir 👇 https://lnkd.in/dCHDK2jQ

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet
      + 1
  • Vis organisasjonssiden til Vestland fylkeskommune, grafisk

    8,330 følgere

    Vi har nådd 8000 følgarar (hurra!🎉), og nokon meinte vi burde markere dette her inne. Men korleis? 🧐 Vi har lagt hovuda i bløyt. Vi har tenkt og grubla i dagar og netter, søkt og leita etter ei passande oppskrift på "det perfekte" LinkedIn-innlegget, sjølvsagt lagt ut på det beste tidspunktet, med akkurat passe emojis og hashtags og alle andre gode råd for at det skal nå ut til flest mogleg. Men vi vil heller høyre frå følgjarane våre! ❤️ Kanskje ikkje alle 8000, men gjerne nokre av dykk. Kva skal Vestland fylkeskommune vere på LinkedIn? Kva vil de sjå og lese meir av? Alle gode råd og innspel vert løna med hjarter og hyggeleg kommentar 😍 (Foto: Vestland fylkeskommune/Storebjørn media/Øystein Borge Kalsås)

    • Ingen alternativ tekstbeskrivelse for dette bildet

Tilsvarende sider