Hopp til innhald

Maske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinmaske frå den førkeramiske neolittiske perioden, datert til rundt 7000 f.Kr., og truleg blant dei eldste maskene i verda. (Musée de la Bible et de la Terre Sainte).
Papierkrattler, masker ved paraden i det tyske karnevalet Narrensprung i Ravensburg 2005.

Maske er eit ansiktplagg, eit laust dekke framfor ansiktet, ein kan bruka som vern, kamuflasje eller i samband med rituale, opptredenar, underhaldning og leik. Ein har brukt masker sidan oldtida og over heile verda, både til praktiske og seremonielle føremål. Dei har vanlegvis dekt delar av eller heile ansiktet, men i nokre høve òg andre delar av kroppen. I delar av Australia har ein nytta enorme totemmasker som dekkjer heile kroppen, og inuittkvinner nytta fingermasker under forteljing og dans.[1]

Den eldste kjende maska som er funnen av arkeologien er ei 5000 år gammal maske frå Mesopotamia.[2] Gjennom historia har tilhøvet mellom maske og person vore omskifteleg og tvitydig. Masker har vore brukt til å framstilla det guddommelege, det demoniske, det avskyelege og det latterlege. Masker skjuler det ekte ansiktet og representerer dermed noko falskt og overflatisk. Samstundes kan masker gjera tydeleg og overdriva menneskelege trekk på ein måte det normale ansiktet ikkje kan.

På grunn av den store ekspressive krafta si har masker vore brukt i teater i meir enn tre tusen år. I det greske teateret i antikken gjekk bruken av masker tilbake til den gamle religiøse dionysoskulten. Medlemmane av koret bar same type masker, som var heilt ulike frå dei til hovudskodespelarane.[3] I nordaustlege Asia, særleg Kina, Korea og Japan, har bruken av masker vore gjennomgripande i kulturen og samfunnet, brukt i religiøse ritual, i teateret og i dagleglivet.

Den såkalla «Agamemnon-maska», gullmaske frå 1500-talet f.Kr. ved Mykene i Hellas.

Ordet «maske» har kome til norsk via tysk, fransk og italiensk, truleg frå arabiske maskhara, 'artist, tryllekunstnar' eller 'klovn'.[4] Gjennom tysk og fransk masque og mellomalderlatinske masca, 'gjenferd, mareritt', og derfrå er opphavet ikkje stadfesta.[5] Det kan det vera ei kortform av arabiske maskhara, مَسْخَرَۃٌ, igjen avleidd av sakhira, 'latterleggjera'. Arabiske mashara har òg gjeve lånordet maskara i tydinga 'mørk augesminke til bruk på vippene'.[6]

Det kan ha vore ein innverknad i europeiske språk frå norditalienske masca, 'heks', som kom frå germansk eller keltisk.[6] Ordet «maske» er òg nytta i andre tydingar, som ei garnløkke som blir strikka, hekla eller bunden til ei anna garnløkke. Dette ordet har eit anna opphav: frå norrønt mǫskvi, mǫskvun, avleidd frå germansk.[7]

Etterlikning av gravmaska til mayaherskaren K'inich Janaab' Pakal ved Museo Nacional de la Máscara i Mexico.

Bruk av masker i religiøse ritual eller seremoniar er ein særs gammal menneskeleg praksis verda over.[8] Masker kan òg brukast som ei form for vern, på jakt, i sport, i festivalar og i krig, eller ganske enkelt som ei form for dekorasjon og utsmykking.[9] Ein del seremonielle eller dekorative masker var ikkje laga for å brukast. Sjølv om bruken av religiøse masker har gått tilbake, har masker tidvis vorte nytta i dramaterapi eller psykoterapi.[10]

Masker i oldtida

[endre | endre wikiteksten]

Bruken av masker i menneskeleg kultur strekkjer seg tilbake fleire tusen år i tid. Ein går ut frå at dei første maskene kan ha blitt brukte av primitive menneske for å assosiera maskeberaren med ei form for overtydande autoritet, anten det var knytt til det guddommelege eller ei anna form for kraft, som å bera ein dyremaske for å ta på seg krafta til dyret, eller på anna vis gje tiltru til ei viss sosial rolle for maskeberaren.

Dei eldste masken som er blitt avdekka er rundt 9 000 år gamle, og finst no ved Musée Biblique (Musée «Bible et Terre Sainte») i Paris, og Israel Museum i Jerusalem.[11] Truleg er bruken av masker mykje eldre – dei eldste kjende menneskeskape kunstverka er mellom 30 000 og 40 000 år gamle,{{mrk|Dei eldste kjende døme på menneskeskapte kunstverk er venusfigurar som Venus frå Hohle Fels, 35 000 til 40 000 år gammal.</ref> men ettersom dei truleg var laga av slike organiske materiale som måling, lêr og plantemateriale er denne typen masker ikkje bevarte. Ein kan likevel sjå dusinvis av framstillingar av det som likner masker i hòlemåleri frå eldre steinalder.[a] Ved neandertaler-staden Roche-Cotard i Frankrike er det funne ei flintsteinutskjering som har trekk av eit menneskeleg ansikt. Denne er omtrent 35 000 år gammal, men det er ikkje klart om dette hadde til føremål å fungera som ei maske.[12]

Indiansk «falsk ansikt» i Det etnologiske museet i Berlin.

I ein kult til ein sjiva-aktig gud, funne i Anatolia frå ca 6 000 f.Kr., opptrer den unge, nakne, falliske guden med ei maske med horn.[13] I dei greske bakkanalia og dionysoskulten, som innebar å bera masker, blei den daglege kontrollen av åtferd og veremåte mellombels sett til side, og folk dansa i lystige drikkelag utan omsyn til den ordinære samfunnsrangen eller statusen deira. Den franske forfattaren René Guénon hevdar at i dei romerske festivalane saturnalia var dei ordinære samfunnsrollene snudde om. Tidvis blei ein slave eller ein kriminell mellombels gjeve vørdnadsteikn og status som kongeleg, berre for å drepast straks festivalen var over.[14] Karnevalet i Venezia, der alle er like og likestilte bak maskene, går tilbake til 1268.[15] Bruken av karnevalmasker i dei jødiske purimfestane har truleg opphav seint på 1400-talet, sjølv om ein del jødiske forfattarar hevdar at dei alltid har vore ein del av den jødiske tradisjonen.[16]

Dei nordamerikanske irokesarane nyttar masker til lækjande føremål. Det blir kalla for «falske ansikt-samfunnet» og nyttar dramatiske masker laga av tre i ritual som skal mana fram ånda til den mytiske gamle, pukkelryggede mannen.[17] I Himalaya har masker funksjonar framfor noko anna å vera formidlarar av overnaturlige krefter.[18] Maskene til yupikfolket i Alaska kan vera små fingermasker, men òg masker på 10 kg som blei hengde frå taket eller bore av fleire menneske samstundes.[19] Masker har òg blitt skapt ved hjelp av plastisk kirurgi for lemlesta soldatar.[20]

Masker i framføringar

[endre | endre wikiteksten]
Tragedie- og komediemasker som universalt symbol.
Relieff av den antikke greske dramatikaren Menandros med teatermasker.

Over heile verda har masker blitt nytta for si uttrykksfulle kraft i framføringar av ulik art, både i rituelle og religiøse samanehngar og i ulike teatertradisjonar. Dei rituelle og dei teatralske definisjonane av masker er tidvis ikkje til å skiljast frå kvarandre, men gjev likevel eit føremålstenleg grunnlag for kategorisering. Bildet av komedie- og tragediemasker side om side er blitt eit universelt symbol, hovudsakleg for å representera teatralske framføringer og dramatikk.

I Roma i antikken tydde ordet persona 'maske', eller i dagleg bruk den sosiale rolla eller figuren som blei framstilt av ein skodespelar. Ordet er avleidd frå latin (igjen avleidd frå etruskiske phersu med same meining og igjen avleidd frå greske πρόσωπον, prosōpon) der den opphavlege tydinga var ei teatermaske.[21] Det norske ordet person er kome frå latin til norrøne persóna i tydinga eg-et, individ, einskildmenneske.[22][23] I Roma i antikken kunne persona, i tilleg gtil maske, òg visa til einskildmennesket sin eigenverdi ved at det hadde fullt romersk statsborgarskap. Ein borgar kunne demonstrera slekta si gjennom bilde, forfedrane sine dødsmasker. Desse avtrykka i voks blei tekne vare på i eit lararium, familieheilagdommen. Overgangsritar, slike som innviinga for unge menneske i familien, eller gravleggingar, blei utførte ved heilagdommen framfor maskene til forfedrane. Ved gravferder kunne profesjonelle skodespelar bera desse maskene for å framføra dei ærefulle føretaka frå livet til forfedrane, og såleis knytte rolla til maskene som eit rituelt objekt og i dramatisk setting.[24]

Masker er eit kjent og livleg element i mange folkelege og tradisjonelle opptog, festivalar, seremoniar og ritual, og er ofte av svært gammalt opphav. Maskene er vanlegvis ein del av eit kostyme som dekker heile kroppen og legamleggjer ein tradisjon som er viktig for det religiøse og/eller sosiale livet til samfunnet som ein heilskap eller til ei særskild gruppe innanfor samfunnet. Dei har halde på populariteten gjennom bruk i karneval, i selskap og i høve som den amerikanske tradisjonen halloween.[25] I våre dagar er desse masseproduserte, kommersielle plastikkmasker, ofte assosiert med populære filmar, tv-program eller teikneseriefigurar.[26]

Rituelle masker

[endre | endre wikiteksten]

Nytte av rituelle masker skjer over heile verda, og sjølv om dei tenderer til å ha mange felles vesentrekk, har det også utvilka seg særs særskilde former. Funksjonen til maskene kan vera magiske eller religiøse; dei kan opptre i overgangsritual eller som ei form for sminke eller maskering i teatertilstellingar. Likeeins kan masker skjula ein angrande synder eller presidera over viktige seremoniar; dei kan hjelpa til å vera formidlar med ånder, eller tilby ein verna samfunnsrolle for dei som gjer bruk av krafta til åndene.

Toskeparaden i Messkirch i Tyskland

Dei eldste representasjonane av masker frå Europa er dyremasker, som vist på hòlemåleri i Lascaux i det sørlege franske departementet Dordogne. Slike masker har overlevd i alperegionane i Austerrike og Sveits, og kan forbindast med jakt eller sjamanisme. Seinare har dei ofte vore knytt til karneval- eller nyttårsfeiringar.

Mamuthone på Sardinia

Den akademiske diskusjonen om tydingane av desse og andre maskeformer held fram i Europa der monster, bjørn, ville menn, harlekinar, karusellhestar og andre fantasifulle figurar opptrer i karneval og festlege opptog. Det er generelt akseptert at masker, støy, fargar og høglydt roping hadde som funksjon å fordriva vinteren og mørket, og opna såleis for kreftene til lyset og våren.[27] Dette er truleg gjenspegla i den gamle karnevaltradisjonen på Sardinia med mamuthoner som ber dystre, svarte masker og eit kostyme av kubjøller.[28] Tradisjonen er særleg knytt til landsbyen Mamoiada, der det lokale museet husar ein del masker frå området og andre delar av Sardinia og Europa.[29]

Karnevaltradisjonen i Venezia er kjend for sine sofistikerte masker.

Ein annan europeisk masketradisjon utvikla seg, meir sjølvbevisst frå hoff- og byhendingar, eller som underhaldning handtert av handverkarlauga. Desse voks tidlegare ut av moro og festar og hadde fått fastare formar på 1400-talet på stader som Roma og Venezia, der dei utvikla seg til livleg underhaldning. Ved karnevala i Venezia samband med skjærtorsdag var dogen og aristokratiet på Markusplassen. Feinrga involverte også lauga, mellom dei lauge til maskemakarane.[30] Den italienske teaterforma commedia dell'arte påverka utforminga av maskene og karnevalet i Venezia. På slutten av 1500-talet hadde den venetianske karnevaltradisjonen nådd eit høgdepunkt og varte til sist ein heil sesong frå januar og til fasten. På 1700-talet var det blitt ein turistattraksjon. Goethe uttalte at han var stygg nok til at han ikkje trong ei maske. Karnevalet blei undertrykt under Napoleon sin italienske republikk, men på 1980-talet blei kostyma og maskene frå stordomstida gjeninnførte. Også andre sentraleuropeiske byar var påverka av tradisjonane frå Venezia.

Under reformasjonen byrja mange av karnevalskikkane å døy ut i protestantiske regionar, men synest å ha overlevd i katolske område til trass for opposisjon frå kyrkjeleiarane. På 1800-talet fanst karneval i relativt rike borgarlege bysamfunn med forseggjorte masker og kostyme side om side med dei meir ujamne og folkelege skikkane i rurale område. Sjølv om desse borgarlege maskeradane og utforminga av dei heldt på element frå populærkulturen, var overlinga til karnevalet på 1800-talet ofte ein konsekvens av ei sjølvbevist folkeminnerørsle som følgde framvoksteren av nasjonalt medvit i mange europeiske land.[31] I våre dagar er maskene under karnevalet i Nederland ofte erstatta av ansiktmåling.[32]

I Noreg kjenner ein ingen former for masketeater eller maskerituale i eldre historisk tid. Helleristingar viser at kostyme med dyrehorn eller hovud kan ha vore i bruk i bronsealderen eller tidlegare. Om dette var i religiøse ritual, symbolske framføringar eller karnevalsfeiringar er uvisst.

Derimot finst ein lang tradisjon for masker brukt som del av julefeiringa. Å gå julebukk, iført sauefell og bukkemaske, har vore utbreidd sidan det 1700-talet og sannsynlegvis også mykje tidlegare. Skikken er kjend i Skandinavia og tilsvarande tradisjonar er blitt omtalte både på Færøyane, i Russland, Austerrike/Ungarn og Bulgaria.

Maske frå beti-pahuinfolket i Gabon, nytta for negilseremonien, eit inkvisitorisk søk etter trollmenn.
Masker i Kamerun.

I afrikansk tradisjon finst eit breitt mangfald av masker. I Vest-Afrika er masker nytta i maskerader som utgjer ein del av religiøse seremoniar som spelar seg ut for å kommunisera med ånder og avlidne forfedrar. Døme er maskeradar hjå jorubafolk, igbofolk og edofolk i Nigeria, inkludert egungun-maskeradane og maskeradane i nordlege Edo.[33] Maskene er vanlegvis utskorne i tre med omhu og med stort mangfald mellom dei ulike handverkarane som vanlegvis har fått opplæring frå ein meister. Ofte er handverket gått i tradisjon ned gjennom generasjonane innanfor ein familie. Desse handverkarane har ein respektert posisjon i stammesamfunna sine, ikkje berre for det komplekse arbeidet dei gjer, men òg for den andelege og symbolske kunnskapen dei rår over.[34]

Djolé er ein maskedans hjå temnefolket i Sierra Leone.[35] Han blir framført tradisjonelt med ei stor tromme kalla for sikko. Maskene framstiller kvinnelege vesen, men blir borne av dei mannlege deltakarane.

Mange afrikanske masker representerer dyr. Ein del afrikanske stammar meiner at dyrmaskene kan hjelpa dei til å kommunisera med ånder som bur i skogane eller på dei opne savannane. Folk i Burkina Faso påkallar åndene for å stoppa øydeleggingar. Dogonfolk i Mali har ein kompleks religion som òg nyttar dyremasker. Dei tre hovudkultane deira nyttar 78 ulike masker. Dei fleste av seremoniane til dogonfolket er hemmelege, men antilopedansen blir vist til andre folk. Antilopemaskene er bortimot rektangulære boksar med fleire horn stikkande ut frå toppen. Dogonane er dugelege jordbrukarar, og antilopa symboliserer ein hardarbeidande bonde.[36][37]

BaKongofolk-masker frå regionen Bas-Congo.

Ein annan kultur med ein rik jordbrukstradisjon er bamanafolket i Mali. Antilopa, som blir kalla chiwara, er forstått som ein mytisk kulturhelt som har lært mennesket løyndomane til jordbruket. Sjølv om både dogonane og bamarnaene reknar antilopa som eit symbol på jordbruk, tolkar dei elementa i maskene ulikt. For bamanafolket representerer sverdet kornet som skyt opp av jordsmonnet.[38][39]

Masker kan òg indikera idealet til ein kultur for kvinneleg venleik. Maskene til punufolket i Gabon har særs bua øyenbryn, bortimot mandelformede auge og smale kinn. Ei hevd stripe går frå begge sider av nasen til øyrane og representerer smykke. Mørk hårstil toppar maskene. Det kvite i ansiktet representerer hvithet og venleik i åndeverden. Berre menn ber maskene og framfører dansane med høge styltar til trass for at maskene representerer kvinnelege vesen.[40][41] Eit av dei meste vene representasjonane av kvinneleg venleik er dronning Idias maske i Nigeria. For å æra sin mor bar kongen maska på sin hofte ved særskilde seremoniar.[42].

Senoufofolk i Elfenbenskysten representerer ro og stille ved å gjera masker med auga halvvegs lukka og linjer trekte nær munnen. Temnefolk i Sierra Leone har masker med små auge og munnar som representerer audmjuke. Dei står òg for visdom gjennom utbulande panner. Andre masker som har overdrive lange ansikt og breie panner symboliserer plikta til den enkelte som kjem med makt. Krigsmasker er òg populære. Grebofolk i Elfenbenskysten og Liberia skjer ut masker med runde auge som representerer vakenheit og raseri og med rette nasar som viser at dei ikkje vil trekka seg tilbake.[43]

Asaroleirmann som held ei maske på Papua Ny-Guinea.
Duk-duk-dansarar på Papua Ny-Guinea.

I øygruppa Melanesia i Stillehavet finst det òg eit mangfald i masker. Den tradisjonelle kulturen er dominert av forfedredyrking og religiøse seremoniar er vigde forfedrane. Mange av maskene er knytte til bruk i desse seremoniane og til aktivitetane til hemmelege samfunn. Maska er verdsett som eit verkemiddel for openberringar, gjeve forma til det heilage.

Som ein kultur på spreidde øyar og halvøyar har maskene som tilhøyrer han utvikla seg i eit stort mangfald, både i konstruksjon og i estetikk.[44]Papua Ny-Guinea er seks meter høge totemmasker plasserte for å verna dei levande frå åndeverda. Maskene til dei hemmelege samfunna duk-duk og tubuan er nytta for handheva sosiale kodar av intimidasjon. Dei er koniske masker laga av sukkerrøyr og blad.[45]

Nord-Amerika

[endre | endre wikiteksten]
Ei seremoniell maske gjort av tre hjå cherokeefolket.
Kwakwaka'wakw, Baleen, ei kvalmaske frå 1800-talet, Brooklyn Museum.
Kwakwaka'wakw, rituell maske (måla tre, fiber og tau).

Dei arktiske folkegruppene ved kysten har tendert mot enkel religiøs praksis, men ein særs utvikla og rik mytologi, særleg i høve til jakt. I ein del område med årlege sjamanistiske seremoniar blir denne dansen utført med masker. Desse er særs abstrakte og utan tvil dei meste påfallande gjenstandane som blei laga i denne regionen.

Inuittgrupper er svært ulike og mange deler ikkje ein felles mytologi eller språk. Likeeins er deres masketradisjonar tilsvarande ulike og mangeartet, men dei vert ofte likeeins framstilt, som regel av drivved, dyreskinn, bein og fjør.[46] Dei er ofte måla i kraftfulle fargar.

Innfødde folkegrupper ved den nordvestlige kysten av Stillehavet er generelt særs dugelege treskjærere. Deres maskar var ofte meistertjukker i utskjæring, tidvis med bevegelege kjevar eller maske innanfor ei maske, og delar vart rørt ved hjelp av å trekkja i snorer. Å skjera ut masker var ein viktig eigenskap i treskjæringen og som med andre håndverksmessige trekk ofte vart kombinert med det symbolske, som skjold, kanonar, pålar og hus.

Innfødde stammar i skogane, særleg i nordaustlege Nord-Amerika og ved dei store sjøane utveksla kultur frå kvarandre. Irokesarar framstilte iaugefallande «falske ansiktmasker» av tre som blei nytta i lækjingseremonier og skorne ut frå levande tre. Desse maskene finst i eit stort mangfald av former, avhengig av den nøyaktige funksjonen deira.[47][48]

Handverkarar frå pueblofolket i sørvestlege Nord-Amerika framstilte framifrå masker til religiøse ritual, særleg hjå hopifolket og zanifolket. Kachinaer, gudar/ånder, tok jamleg form som særs særskilde og detaljerte masker som blei nytta i rituelle dansar. Desse var vanlegvis laga av lêr med vedheng av skinn, fjør eller blad. Ein del masker dekte ansiktet og ein del heile hovudet. Dei hadde ofte særs abstrakte former. Navajofolka sine masker verker vera inspirerte av prototypar frå puebloane.[49][50]

I nyare tid har masker blitt eit vanleg trekk ved mardi gras-tradisjonane, hovudsakleg i New Orleans i sørvestlege USA. Kostyme og masker, opphavleg inspirert av maskeradeball, er jamleg nytta av deltakarane i feiringa og opptoga. Amerikanske lovar som legg ned forbod mot å skjula ansiktet er sette ut av verknad for mardi gras-dagen (feitetysdag).

Turkismaske framstilt av mixtekarar/aztekarar, 1400-1521.
Mixtekisk gravmaske

Særeigne maskestilar byrja å oppstå i det førkolumbiske Amerika i tida rundt 1200 f.Kr., sjølv om det finst teikn på langt eldre maskeformer. I Andesfjella blei masker nytta for å dekke dei daude. Disse blei opphavleg laga til av tekstil, men seinare gravmasker vart tidvis laga av hamra kopar eller gull, tidvis forma i leire.

For aztekarane var menneskehovud høgt verdsette som krigstrofé, og masker på hovudskallar var ikkje uvanleg. Masker blei også nytta som ein del av hoffunderhaldninga, kanskje i kombinasjon av politisk og religiøs tyding. Aztekarane var prega av det antropologen Claude Lévi-Strauss omtalte som ein «maskekultur». Mange masker blei laga for framsyning, ikkje for å bli brukte, og hadde ofte ikkje hol for augo.

I kolonitida og det post-koloniale Latin-Amerika blei førkolumbiske tradisjonar blanda med kristne ritual, og synkretiske maskeradar og seremoniar som allesjelersdag/dei daudes dag utvikla seg. Masker blei verande eit viktig trekk ved folkelege karneval og religiøse dansar, som i dansen maurarane og dei kristne (moros y cristianos). Særleg i Mexico var den store kreativiteten i framstillinga av masker noko som blei oppmuntra av samlarar. I brytekampar er det vanleg for deltakarane å ha masker og opptre med fantasifulle tilnamn. Mange av desse brytarane er blitt folkelege heltar, og den populære brytaren El Santo heldt fram å bera maske sjølv etter at han trekte seg tilbake. Han viste berre ansiktet sitt kortvarig som gammal mann, og blei gravlagd med sølvmaska si på.[51][52]

India, Sri Lanka og Indokina

[endre | endre wikiteksten]
Ulike topeng-dansemasker.

Maskefigurar, vanlegvis av guddomar, er eit sentralt trekk ved dramatiske former i India. Mange byggjer på soger frå eposa Mahabharata og Ramayana. Land som har hatt mykje påverknad frå indisk kultur, som Kambodsja, Myanmar (Burma), Indonesia, Thailand og Laos, har utvikla indiske former, kombinert med lokale tradisjonar, og utvikla særeigne vesentrekk.

Maskene er vanlegvis særs overdrivne og formaliserte, og deler ein estetikk med utskorne bilete av monsterhovud som dominerer fasadane på hindu- og buddhistiske tempel. Desse ansikta, eller kirtimukha, «æresansikt», har til føremål å vakta mot det vonde og er knytte til dyreverda og det guddommelege. Under seremoniane er desse ansikta gjevne aktiv form i form av storstilte maskedrama i Sør- og Søraus-Asia.[53]

Indonesisk dramatisk maskedans.

I Indonesia er maskedansen eldre enn innverknaden frå hindusimen og buddhismen. Topeng (indonesisk for «maske») er ei dramatisk form for indonesisk dans der ein eller fleire ber maske, dekorert kostyme og tolkar tradisjonelle forteljingar om fabelkongar, heltar og mytar, knytt til gamelanmusikk. Bruken av masker kan vera knytt til forfedredyrking der dansarane tolkar gudane. Stammar som dayakfolk dansar hudokdansen som kan representera naturånder. På Java og Bali er maskedans generelt kalla for topeng og viser hinduinnverknad då dei ofte tek for seg epos som Mahabharata og Ramayana. Den innfødde og stadeigne forteljinga om den legendariske prinsen Panji er òg populær i maskedansen. Indonesiske stilar innanfor topengdans er breitt spreidde i ulike regionar.[54][55]

Maske frå beijingoperaen.

I Kina har bruken av masker hatt ei viktig rolle i tusenvis av år. Ein går ut frå at masker har opphav i religiøse seremoniar frå oldtida. Dei første kinesiske maskene blei laga for minst 3 500 år sidan. Bilde av menneske med masker er blitt funne i hòlemåleri langs Chang Jiang -elva. Seinare maskeformer ber med seg mytar og symbol frå sjamanisme og buddhismen.[53] Avhengig av funksjon er kinesiske masker delt i fleire ulike kategoriar, som maske til trollmenn, maskene til sjamanar og teatermasker. Masker har fungert i mange ritual, som dansemasker (shigong) for takkseiingar til guddommar som hindra pest og sjukdom, og masker i nuodrama verna mot vonde ånder. Masker har òg ei lang historie i festlege opptog og i dans og opera som utvikla seg med fargerike ansiktsmønster som framleis blir nytta i beijingoperaen (jingju). Den dag i dag har masker ein plass i religiøse seremoniar og hendingar som bryllaup, der masker blir brukte i bøner for god lukke, og i gravferder.[56] Såkalla svelgjande dyremasker var knytte til vern av heimen og symboliserte ulukker som blei «svelde».

Ei koreansk maske bore av ein talchum-framførar.

Masker i Korea har ein lang tradisjon knytt til mangfaldige samanhengar. Dei oppstod truleg i samband med sjamanisme og heldt vidare fram i rituelle dansar. Koreanske masker blei nytta i krig, både for soldatane og hestane deira. Seremonielt i gravrituale blei det nytta masker av jade og bronse. I sjamanistiske seremoniar blei masker nytta for å fordriva vonde ånder. Dødsmasker blei nytta for å hugsa ansikta til store historiske skikkelsar. Ved hoffet og i teateret hadde masker òg stor verdi. I dag blir det laga miniatyrmasker som suvenirar og for å hengjast på mobiltelefonar som talismanar for å bringa lukke.[57][58]

Maske av Tengu («himmelske hund»), legendarisk vesen

Som i Kina og Korea er masker i Japan ein del av ein særs lang og særs sofistikert teatralsk tradisjon. Sjølv om røtene ligg i forhistoriske myter og kultar, har bruken av masker utvikla seg til raffinerte kunstformer. Allereie i den japansske steinalderen, Jōmonperioden frå rundt 10 000 til 300 f.Kr., viste japanske folk interesse for masker. Då buddhismen blei innført til Japan på 500-talet kom det også mange nye religiøse og sekulære aktivitetar med bruk av masker. Desse blanda seg med dei stadeigne rituala i shintoismen og andre folkelege tradisjonar. Dei eldste rituelle maskene er gigaku, og eksisterer ikkje lenger. Dei var truleg ei form for dansemasker. Bugaku utvikla seg frå desse til eit komplekst dansedrama som nytta masker med rørlege kjevar.[59]

Den klassiske japanske teaterforma utvikla bruk av masker frå gigaku og bugaku. Maskene blei nytta gjennom særs langvarige framføringer og var av den grunnen særs tynne og lette. Nō-maskene representerte guddomar, menneske, kvinner, galne folk og djevlar, og kvar kategori hadde mange underkategoriar. Kyōgen («galne ord») er korte farsar med eigne masker, og høyrer saman med dei tragiske nō-dramaa. Kabuki er ei teaterform i dagens Japan som har røter i eldre former og oppstod på byrjinga av 1600-talet. I denne forma er maskene erstatta av måla ansikt, den såkalte kumadori-sminkinga med kraftfulle linjer i raudt, blått eller svart.[60]

Midtausten

[endre | endre wikiteksten]
Pan frå Hippos, avdekt i nordlege Israel.
Gullmasker avdekte i Kalmakareh i den iranske provinsen Luristan. 500-talet f.Kr., i dag ved nasjonalmuseet i Iran.

Masker i Midtausten har tradisjonar tilbake til byrjinga av menneskeleg sivilisasjon. Eit dusin masker laga av kalkstein for rundt 9 000 år sidan er blitt avdekte i Judeaørkenen, austom Jerusalem i Israel.[61] Desse er nokre av dei aller eldste maskene som er funne nokon stad. Ein går ut frå at dei blei brukte i religiøse og sosiale seremoniar, kanskje òg at dei representerte åndene til forfedrane ved at dei har ein likskap med daude menneske.[62][63]

I Nord-Israel er det blitt avdekt ei 2000 år gammal bronsemaske som representerer den antikke greske guden Pan, knytt til musikk og ekstatisk seksualitet. Maska er uvanleg stor samanlikna med andre bronsemasker frå hellenistisk og romerske periodar. Figuren har lange, spisse øyre, horn og andre vesentrekk knytte til guddomen som er halvt menneske, halvt dyr. Maska var truleg ein del av eit altar eller del av ei fontene.[64]

Teatralske framføringar i Midtausten, som andre stader, hadde opphav i rituale og dramatiserte mennesket sitt høvetil naturen, til gudane og andre menneskelege vesen. Folkeleg teater med pantomime, masker, dukker, farser og sjonglering hadde ein rituell samanheng ved at dei blei framførte i samband med religiøse festivalar eller ved overgangrituale som namnedagar, omskjeringar og bryllaup.

Teatermasker

[endre | endre wikiteksten]
Romersk mosaikk frå 100-talet som framstiller teatermasker for komedie og tragedie.

Masker har spelt ei nøkkelrolle innan teatertradisjonane verda over, særleg utanfor Vesten. Dei held fram å vera ei levande kraft innanfor moderne teater.

I mange kulturelle tradisjonar er skodespelaren med maske eit sentralt konsept og er høgt verdsett. I den vestlege tradisjonen bar skodespelarar i det greske teateret til antikken masker, slik som dei òg gjorde i tradisjonelle japanske nōdrama. Ein del greske masker hadde open og vid munn med ein megafon av messing slik at stemmene til skodespelaren kunne prosjekterast over eit stort publikum. I store utendørsteater, amfiteater, som Dionysosteateret like ved Akropolis i Athen, kunne masker visa ansikta til figurane til eit langt større publikum, særleg sidan dei hadde svært overdrivne ansiktstrekk og uttrykk.[65] Dei greske maskemakaranei antikken blei kalla for skeuopoios, «framstillarar av eigedelar», noko som viser til at dei rolle hadde eit mangfald av plikter og oppgåver. Maskene dekte heile ansiktet og hovudet, med hol for auga og opning for munnen, i tillegg til integrert parykk og skjegg. Maskene var truleg laga av organisk materiale som hadde lita vekt, som tøy, lêr, tre eller kork. Kvinner opptredde ikkje som skodespelarar i antikken, og kvinnelege figurar blei representerte av mannlege skodespelarar med masker. Ein dugeleg skodespelar kunne spela fleire roller side om side ved å ta på seg ulike masker. Dei dualistiske maskene for komedie og tragedie, som er blitt universale teatersymbol, er avleidde frå dei greske dramaa i antikken. Dei reflekterer dei ekstreme ytterpunkta frå teaterscena, og gjennom den stiliserte forenklinga si av kjensler, òg ytterpunkta i den menneskelege tilstanden.[66]

Tre bilde av den same kvinnelege nōmaska frå Japan som viser korleis ansiktstrekka blir endra ved å venda på hovudet.

I mellomalderen sin Europa vart masker nytta i mysterie- og mirakelspel for å framstilla allegoriske figurar og vesen som djevlar, demonar eller dei sju dødssyndene. Skodespelaren som framstelte Gud bar ofte ei forgylt maske. Maskene var ofte lagaav pappmaché og framheva vondskapen og synder med overdriven groteskheit.

I løpet av renessansen utvikla maskeradar og ballet de cour (hoffballett) seg som maskert hoffunderhaldning for adelen. Masker heldt fram å vera ein del av ballettkonvensjonane fram til slutten av 1700-talet. Figurar med masker i den italienske teaterforma commedia dell'arte, prega av faste rollefigurar og komisk handling, inkluderte forgjengaren til den moderne klovnen. Maskene framstilte faste figurar og var så nært knytte til figurane at dei sjølv blei kalla for «masker».[66]

Fleire av skodespela til William Shakespeare nytta masker. Komedien Stor ståhei for ingenting, oppført i 1598, hadde karnevalmasker i venetiansk stil i maskeballet som er ein del av stykket. Heile stykket kan karakteriserast som måtar ein maskerer identitet på og skjuler sine sanne kjensler.[66]

Lordi frå Finland på scena i 2007.

I samtidsteater i Vesten er masker ofte nytta saman med dokketeater for å gje ei teater som er meir visuell enn verbal. Særleg i barneteater er overdrivne masker og kostyme ein del av underhaldninga. Masker kan enno opptre i samtidsdrama. Musikalar som Andrew Lloyd Webbers Cats, første gong framført i 1981, og Løvenes konge av Elton John og Tim Rice frå 1997, hadde begge masker og omfattande ansiktsminke. The Phantom of the Opera (1986) av Lloyd Webbar var basert på at hovudpersonen sjølv skjulte det skamferte ansiktet sitt bak ei kvit maske, noko som gav han ein dramatisk patos. Ved å ta av seg maska avsløra han ikkje berre det skamferte ansiktet sitt, men òg dei sanne kjenslene og veikskapen sin.[66]

Ein del moderne rockemusikarar som Alice Cooper og Peter Gabriel har nytta storslegne sceneshow som inkluderte masker og kostyme. I endå større grad har tungrocken, særleg svartmetall og liknande underkategoriar, nytta hovudsakleg groteske masker. Den finske hardrockgruppen Lordi blei kjend for dei monsterliknande kostyma og maskene sine då dei vann Eurovision Song Contest 2006.

Funksjonelle masker

[endre | endre wikiteksten]
Oksygenmaske.

Masker har òg ein praktisk og funksjonell funksjon i den moderne verda, vanlegvis som vern eller av medisinske årsaker. Flypiloter og brannmenn nyttar blant anna oksygenmaske som vern mot oksygenmangel og/eller forgiftning. Masker har ei lang historie som vern, til dømes som rustning i krig og medisinske masker som vern mot smitte. Kva som er kva er ikkje alltid like openberra. Rituelle masker og teatermasker kan i seg sjølv vurderast som praktiske, og maskar som vernar i ein sportsleg samanheng, er ofte designa for å framheva framtoningen til utøvaren.

Masker som vern

[endre | endre wikiteksten]

Masker som vern mot smitte eller ureining har lange tradisjonar. Under svartedauden var det eigne pestlegar som bar ei nebblignende maske som var fylt med luktande og aromatiske urter ettersom ein feilaktig trudde at dårleg lukt spreidde sjukdom. I moderne tid i byar med stor luftforureining har lokalfolkesetnaden verna seg med ansiktmasker for å filtrera lufta. Ved fare for ulike former for gass har eksempelvis politiet eigne gassmasker for å filtrera lufta.

I romerske gladiatorkampar brukte utøvarane masker, og arkeologiske undersøkingar har vist at desse ikkje berre var vernande, men òg utforma for at utøvaren skulle sjå meir skremmande ut.

Medisinske masker

[endre | endre wikiteksten]
  • Medisinske oksygenmasker er utstyr som assisterer under respirasjonssyklusen.
  • Anestetisk maske blir nytta for å bedøva pasienten.
  • Kirurgimaske eller munnbind er medisinsk utstyr for å verna lege og pasient frå infeksjonar

Forkleding

[endre | endre wikiteksten]

Masker kan tidvis nyttast for å skjula kven ein er. Som forkleding fungerer masker som eit vern mot å kjennast att og identifiserast.

  • Tjuvar, ransmenn og andre kriminelle ber ofte masker som eit middel til å skjula ansiktet sitt slik at dei ikkje kan identifiserast av vitne eller politi.
  • Politiske protestantar, særleg i ulovlege demonstrasjonar, ber ofte maske, til dømes i form av eit tørkle framfor ansiktet eller ei skimaske, for å ikkje kjennast att.
  • Ei «Guy Fawkes-maske» er ei stilisert avbildning av Guy Fawkes, det beste kjende medlemmet av kruttsamansverjinga i 1605. I 2008 blei denne maska assosiert med hackergruppa Anonymous.[67]
  • Masker kan å òg nyttast i kombinasjon av ikkje å kjennast att og for å skapa ei gruppekjensle, samstundes som ein ynskjer å fremja ein skremmande framtoning. Eit døme er den rasistiske gruppa Ku Klux Klan i dei amerikanske Sørstatane.

Masker har tidvis blitt nytta som straff for den som berar dei, anten ved å signalisera audmjuking eller for å påføra direkte fysisk liding.

  • «Hespetrebeksle» eller «skammaske» (engelsk scold's bridle; tysk schandmaske) var eit verkemiddel for å straffa særleg kvinner med ei form for tortur og offentleg audmjuking i seinmellomalderen. Med stikkande spikar på innsida sikra ein direkte liding når offeret rørte seg Ei redusert utgåve var å plassera ein ulydig eller mislikt skuleelev i skammekroken med ei maske eller hatt med eseløyre.[68]

Andre former

[endre | endre wikiteksten]
  • Dødsmaske er ei direkte avstøyping av ansiktet til ein avdød. Dette var vanleg å gjera ned berømte personar og var mest utbreidd i mellomalderen.
  1. Eit kjend døme er bilde i Trois-Frères-grotta (rundt 15 000 år gamle). Ifølgje John W. Nunley, «The earliest evidence of masking comes from the Mousterian site of Hortus in the south of France. There the archaeologist Henry de Lumley found remnants of a leopard skin that was probably worn as a costume more than 40,000 years ago.» Sjå Nunley, J.W. (1999): Masks: Faces of Culture. New York: Harry N. Abrams Inc., s. 22. Eit av dei eldste kjende holemåleria av eit menneskeleg ansikt, 27 000 år gammalt, blei oppdaga i 2006 i Vilhonneur-grotten i nærleiken av Angoulême i Frankrike. Sjå Sage, Adam (5. juni 2006): «Cave face 'the oldest portrait on record'», London: The Times (betalingsmur)
  1. Fienup-Riordan, Ann; Anchorage Museum (1996). The Living Tradition of Yup'ik Masks: Agayuliyararput. University of Washington Press. ISBN 978-0-295-97501-6. 
  2. «Ancient mask recovered in Iraq», CNN 23. september 2003
  3. «Masks in Ancient Greek Theatre», arkivert frå originalen 1. september 2015, henta 3. mars 2020 
  4. «maske» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
  5. «mask», Online Etymology Online
  6. 6,0 6,1 Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok, Oslo: Kagge forlag, s. 493
  7. Caprona, Yann de (2013): Norsk etymologisk ordbok, Oslo: Kagge forlag, s. 516
  8. Pernet, Henry (1992): Ritual Masks: Deceptions and revelations. Columbia: University of South Carolina Press.
  9. Dall, William Healey (1884): «On masks, labrets, and certain aboriginal customs, with an inquiry into the bearing of their geographical distribution» i: Bureau of American Ethnology, Annual Report, 3, s. 73–151. Washington D.C.: U.S. Government Printing Office. Opptrykk 2010
  10. Klemm, Harald & Winkler, Reinhard (1996): Masken. Gesichter hinter dem Gesicht: Persönlichkeitsentfaltung und Therapie in der Arbeit mit Masken. Oberhofen: Zytglogge-Verlag.
  11. Nunley, John W. et al. (1999): Masks: Faces of Culture. New York; Abrams, Harry N.; Weihe, Richard (2004): Die Paradoxie der Maske. Geschichte einer Form. München: Wilhelm Fink Verlag.
  12. Le «Masque Moustérien de la Roche-Cotard à Langeais (Indre-et-Loire)»; og Amos, Jonathan (2. desember 2003): «Neanderthal 'face' found in Loire», BBC News
  13. Danielou, Alain (1992): Gods of Love and Ecstasy. The traditions of Shiva and Dionysus. Rochester, Vermont: Inner Traditions International, s. 33.
  14. Guénon, René (2004): Symbols of sacred science. Hillsdale, New York: Sophia Perennis, s. 141.
  15. Forbes, Jamie Ellin (våren 2010): «The resurrection of the beauty of Spring: Jeanette Korab at Carnevale de Venezia» i: Fine Art Magazine, s. 21.
  16. «...in many parts of the world and throughout Jewish history it was the time for adults to engage in masquerade.» –Danan, Julie Hilton (21. mars 1997): «Purim wears many masks» i: Jewish News of Greater Phoenix, 49 (27); se også Levertov, Yossi (18. mars 2011): «Masked miracles»[daud lenkje], Jewishaz
  17. Fenton, William N. (mars 1991): False Faces of the Iroquois. University of Oklahoma Press. ISBN 978-0806122946.
  18. Pannier, François & Mangin, Stéphane (1989): Masques de l'Himalaya, du primitif au classique. Paris: Editions Raymond Chabaud, s. 44. Bradley, Lisa & Chazot, Eric (1990): Masks of the Himalayas. New York: Pace Primitive Gallery. Blanc, Dominique et al. (2009): Masks of the Himalayas. Milano: 5 Continents Editions.
  19. Fienup-Riordan, Ann (1996): The Living Tradition of Yup'ik Masks: Agayuliyararput (Our Way of Making Prayer). University of Washington Press
  20. Lubin, David M. (2008): «Masks, mutilation and modernity: Anne Coleman Ladd and the first world war» i: Archives of American Art Journal, 47 (3-4), s. 4-15
  21. Bishop, Paul (30. juli 2007): Analytical Psychology and German Classical Aesthetics: Goethe, Schiller, and Jung, Volume 1: The Development of the Personality. Taylor & Francis. ISBN 978-0-203-96088-2. s. 157–158
  22. «person» Arkivert 2020-03-03 ved Wayback Machine., Bokmålsordboka
  23. «person (n.)», Online Etymology Online
  24. Kak, Subhash (2004): Ritual, Masks, and Sacrifice; Studies in Humanities and Social Services vol.11, Indian Institute of Advance Study, Shimla.
  25. «The Mascherade», History of Venetian Mask
  26. «So why do we do what we do on Halloween Day, in England?», arkivert frå originalen 8. oktober 2015, henta 3. mars 2020 
  27. Lommel, Andreas (1070): Masks:Their Meaning and Function, London: Ferndale Editions. Se bokens konklusjon.
  28. Corrias, Angela: «Sardinia’s Mamuthones: An Ancient Carnival»
  29. Museo delle Maschere Mediterrane
  30. Auguet, Roland (1975): Festivals and Celebrations, Collins, LCCC 73-15299, ISBN 978-0001001763
  31. Mack, John (1994): Masks: the Art of Expression Arkivert 2016-10-04 ved Wayback Machine., London: British Museum, ISBN 0-7141-2507-5, kapittel: "The Other Within: Masks and masquerades in Europe"
  32. Cox, Savannah (23. november 2013): The Glamorous And Gruesome History Of The Masquerade Ball
  33. «Egungun, Oro, Abiku, and Various Superstitions».
  34. Lommel, Andreas (1970): Masks: Their Meaning and Function, London: Ferndale Editions, ISBN 0-905746-11-2
  35. Cloward, Janessa (1999): «Dance to the music: UVSC professor passes on traditional African dance moves», Deseretnews
  36. «Dogon animal masks». Rand African Art
  37. «Dogon mask. History and meaning», arkivert frå originalen 29. november 2019, henta 3. mars 2020 
  38. «Chiwara Headdress», Universitetet i Ohio
  39. «Headdress: Male Antelope (Ci Wara)», Metropolitan Museum of Art
  40. P«unu Mask History»
  41. «Punu Art and Masks», Genuine Africa
  42. Bortolot, Alexander Ives (oktober 2003): «Idia: The First Queen Mother of Benin» i: Timeline of Art History. New York: The Metropolitan Museum of Art.
  43. «Grebo War Mask 1777» Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.. African Art
  44. Lommel, Andreas (1970): Masks: Their Meaning and Function, London: Ferndale Editions. Kapittel Oceania: Melanesia, Polynesia, Australia
  45. Rainier, Chris; Taylor, Meg (1996): Where the Masks Still Dance: New Guinea; Bulfinch Press/Little, Brown & Co., ISBN 0-8212-2261-9
  46. Kleivan, Inge; B. Sonne (1985): Eskimos: Greenland and Canada. Iconography of religions, section VIII, «Arctic Peoples», fascicle 2. Leiden, The Netherlands: Institute of Religious Iconography • State University Groningen. E.J. Brill. ISBN 90-04-07160-1; s. 26
  47. «Iroquois False Face Masks», Chichesterinc
  48. «The Iroquois False Face Society», Native American Netroots
  49. Feder, Norman (1973): American Indian Art, New York: Abrams Books, Lib. of Congress Cat. Card 73-4857
  50. «Masks from North America; from the Edward S. Curtis Collection». American Ethnography.
  51. «Professional Wrestling Online Museum - Spotlight on El Santo». Wrestlingmuseum.com. 5. februar 1984
  52. Lommel, Andreas (1970): Masks: Their Meaning and Function, London: Ferndale Editions. Kapittel: South America/Central America
  53. 53,0 53,1 Emigh, John (1996): Masked Performance, University of Pennsylvania Press, ISBN 0-8122-1336-X
  54. «History of Dance Masks - Topeng Dance», History of Masks
  55. «Topeng Dance» Arkivert 2015-09-10 ved Wayback Machine., Balitrips
  56. «The History of Chinese Mask» Arkivert 2015-09-12 ved Wayback Machine., Cultural China
  57. «History of Korean Masks», History of Masks
  58. «Korean Masks», Hahoe Mask Museum
  59. «Japanese masks and their uses», British Museum
  60. «Japanese Masks», Old Japan
  61. Gilad, Moshe (10. mars 2014): «World’s Oldest Masks Come Home to Jerusalem», Haaretz.com
  62. William, A. R. (10. juni): «World's Oldest Masks Modeled on Early Farmers' Ancestors», National Geographic
  63. Face to Face: The Oldest Masks in the World Arkivert 2015-10-14 ved Wayback Machine., Israel Museum
  64. Blumberg, Antonia (24. mars 2015): «Researchers Uncover Ancient Mask Of Pagan God Pan In Northern Israel», The Huffington Post
  65. «Costume & Masks», Greek Theater
  66. 66,0 66,1 66,2 66,3 «Masks on stage» Arkivert 2015-04-26 ved Wayback Machine., Mask, Secrets and Revelations, Michigan State University
  67. Bilton, Nick (28. august 2011): «Masked Protesters Aid Time Warner’s Bottom Line». The New York Times.
  68. «Scolds Bridle». National Education Network, U.K.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Litteratur
  • Burch, Ernest S. jr.; Forman, Werner (1988): The Eskimos. Norman, Oklahoma 73018, USA: University of Oklahoma Press. ISBN 0-8061-2126-2.
  • Finley, Carol (1998): The Art of African Masks: Exploring Cultural Traditions, Lerner Publishing Group
  • Nunley, John W. et al. (1999): Masks: Faces of Cultur, Harry N. Abrams
  • Huteson, Pamela Rae (2007): Transformation Masks, Blaine, Hancock House, ISBN 0-88839-635-X
  • Smith, Susan; Harris, Valeria (1984): Masks in Modern Drama, Berkeley: University of California Press.
  • Wilsher, Toby (2007): The Mask Handbook - A Practical Guide, Routledge.
  翻译: