Hopp til innhald

Prøvesprenging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førebuing av ei underjordisk prøvesprenging i Nevada på 1980-talet. På bildet kan ein sjå måleutstyr for sprenginga og krater frå tidlegare underjordiske sprengingar.

Prøvesprenging viser til kontrollerte sprengingar med atomvåpen for å sjå korleis dei verker under ulike tilhøve og korleis dei påverkar omgjevnadane. Slike prøvar kan òg brukast politisk, for å markera at ein er ei velutvikla atommakt. Ei prøvesprenging har tradisjonelt vore måten eit land har stadfesta at dei har utvikla atomvåpen på.

  翻译: