Gjenkraft AS and Bergen Spesial Transport AS had the pleasure of hosting politicians from Vestland, including Mayor Jon Askeland at our stand at WindEnergy Hamburg 2024. 🌍💨 We were thrilled to share our collaboration plans and discuss expanding our business in recycling wind turbines. 🌱♻️ #WindEnergy #RenewableEnergy #Sustainability #Recycling #GreenTech #WindTurbines #CircularEconomy #Vestland #CleanEnergy #OffshoreWind
WindEnergy Hamburg 2024, som går føre seg 24.–27. september, er ein av dei største og viktigaste samlingsplassane for vindkraft i verda. Vestlandet si lange erfaring frå sjøfart og mange år med offshore-arbeid gjer oss sterke i havvindnæringa, spesielt når det kjem til flytande havvind. Denne solide kompetansen gjer at vi kan gjennomføre store og krevjande havvindprosjekt, og Noreg har ei komplett verdikjede for leverandørar til havvindindustrien. Fylkesordførar Jon Askeland har i dag møtt vestlandsverksemder på messeområdet og deltatt på eit program i regi av fylkeskommunen, næringsklynga GCE Ocean Technology og Innovasjon Norge. – Som fylkesordførar i fylket som produserer mest fornybar energi i Noreg, er det viktig å ha god oversikt over vindenergibransjen. Denne vil vere avgjerande for at Vestland skal nå måla i fornybar energiplanen. Vestland sitt fortrinn, med kunnskapen frå olje- og gasserviceindustrien, viser seg også her, seier Askeland.